Når angrep er det beste forsvar

Lesarbrev

Eg har som Voldsund valgt å kommentere på saker eg har lest i lokalavisa. For meg blir dette litt sånn "alle skal med saman på ferda", enten desse ynskjer eller ikkje ynskjer vere ein kyrkjebyggar.

Eg tenker so enkelt som har dei ikkje pengar til det eine, har dei vel knappast heller til det andre. Og då kolliderar dei to innspela for meg.

For enten motdebattanar likar det eller ei, er det same vi folket vi snakkar om i begge tilfella.

Innbyggara i Ulstein. Medmennesker, som kan vere rike utan å ha flust med pengar.

Men ein treng ikkje vere einig eller synest det er noke å undrast ved. Soknet sin ungdomsarbeidar har i sitt debattinnlegg rett i at saka om nytt kyrkjebygg er ei sak med uendeleg mykje kjensler. Det er heller ikkje til å kome unna ei innblanding av føleri, tru og tvil. Og der meiningsmotstandara og motdebattantar stadig også vert tillagt motiv ein ikkje har. Der ein skal trå varsam med å generalisere og stigmatisere fordi nokon har ei anna meining enn det ein sjølv meinar er rett.

Mobbing kan slå begge vegar, ein treng ikkje vere vaksen for å forstå det.

Eg er ikkje imot at ein bygg ei ny kyrkje i Ulstein, men motstandar av at dette skal finansierast med kommunale lånemidlar.  Eg har reflektert, vurdert og diskutert kring saka i fleire omgongar og i ulike sosiale settingar. Vurderinga er heller ikkje gjort med utgangspunkt i privat livssyn, noko eg også veit gjeld mange andre som har landa på same svar. (herunder også brukara av kyrkja, som veit kor skoen trykker)

På meg verkar det som motdebattantar ikkje maktar å sjå, eller ynskjer å sjå den skilnaden.

Eg har også vore motstandar av dei fyrste plasseringa av ei eventuelt ny arbeidskyrkje, men lever godt med det ein no har landa på i forhold til plassering. Dette grunna i eit ønske om å bevare kulturminne.

Mange innbyggara kjenner på at ei stor kommunal lånegjeld no fører til auka kommunale avgifter, dyrare kommunale tjenester og frå i år, innføring av eigedomsskatt. For mange er dette ei sår kjensle.

Ingen av oss har ei glaskule å sjå framtida i, mykje kan snu i begge retningar. Men det vi veit noke om, er trendane som vil prege befolkningsutviklinga i Norge framover. Og om femten år blir det for første gong fleire eldre enn born og unge i Norge (SSB). Dette kan kanskje få utslag i behov for auke i omsorgsplassar i forhold til det Ulstein har i dag, men vi veit ikkje. I so tilfelle må det også finnast framtidsøkonomi til det. Alt no i 2018 har det lenge vore jobba, både frå administrasjon og politisk hald i kommunen, for ei auke i budsjettrammene til omsorgsetaten. Men etter det eg har fått med meg. har ein enn so lenge ikkje funne ha økonomiske midlar til å gjennomføre dette.

Vi kan alt no også trygt slå fast at folkevekst i kommunen ikkje berre slår inn som auka deltakara i soknet sine aktivitetar, men også i alle dei ulike kommunale etatsbudsjetta. Noke som inntekter, anna som utgifter.

Framtidig skatteinngang og arbeidsplassar veit vi heller lite om, men vi kan ha lov å håpe at dette innan den tid har snudd til det betre.

So sjølv om år 2032 er eitt godt stykke fram i tid veit vi litt kva vi har i vente. Vert det  bygd ei ny kyrkje, blir det vedlikehald og drifsutgifter på begge kyrkjebygga som skal inn i kommunebudsjettet. Vi har også eindel kjennskap både om gjeld og lånerenter, på gamle og på nye lån, og kor mykje av kommunebudsjettet desse vil binde opp. Truleg har kommunen innan den tid også gjort nye låneopptak for å finansiere brannstasjon (som er inne i budsjettet med oppstart 2022). Samt utbygging eller eventuelt bygging av nye skulebygg.

For eitt framtidig kommunestyre er det dumt å vere låst i eitt gamalt vedtak med krav om overtaking av slik ei stor gjeld frå andre.

Eg har forståelse for at soknet ynskjer betre arbeidsforhold for sine tilsette, og meir plass for sine ulike aktivitetar spesielt utanom preiketida på søndagar.  Men dette med gode arbeidsforhold gjeld også mang ein kommunalt tilsett som Ulstein har arbeidsgjevaransvar for. Samt i eitt ønska av utvida areal for ulike lag og organisasjonar, også desse som ikkje har ein sterk regional og nasjonal organisasjon "i ryggen".

Grunnlova er endra og statskirka avvikla, heilt i tråd med bl.a. kyrkja sitt ynskja om sjølvstende og råderett. Kyrkja er i endring. Ulsteinsamfunnet er i endring, Norge er i endring.

Me velger alle heie fram det som er viktig for oss, deri legger vi vårt engasjement.

Ordføraren må gjerne få ros for sine innspel i kyrkjedebatten, hans rolle er å vere eitt samlande symbol ikkje å skape frontar.

Kommunestyret  gjer vedtak. Når det er gjort, stilnar debatten og dei fleste forheld seg til det.

Og eit aldri so lite avrundane smil. For når ein dreg inn i debatten om den store viljen i kommunen for 170 år sidan bør ein kanskje ta med at soknepresten med sin høge samfunnsstatus, dengong i tillegg også var både kyrkjearkitekt og Ulsteinordførar i ein og same person. So han sat vel med bukta og begge endane for å sei det mildt. Tre-i-eitt-sak, som vi kanskje ville kalt det i dag.


Kor du enn som lesar av lokalavisa står i denne debatten, nyttar eg høve til å ynskje deg ei god førjul - og julehøgtid.

Fyll den med det som er viktige tradisjonar og innhald for deg. Men mest av alt, fyll den med glede!


Turid Mette Dimmen