Arealbruk

Ad gravplass i Ulstein kommune

Gravplass: Arealutbygging vil heiletida vere ei avveging mellom sterke allmenne føremål og bevaring av kulturminne, skriv Jan Berset. 

Lesarbrev

I eit innlegg i VVP laurdag 6. april går Johan Ottesen sterkt ut mot Ulstein kommune si handsaming av ei mogeleg utviding av gravplassen på Osnes. Slik eg forstår det er dette ein reaksjon på kommunen sitt ynskje om å kome i dialog med Ottesen for frivillig avståing av grunn til offentleg føremål, der Ottesen knyt dette ynskjet opp imot kommunen si handsaming av ei mogeleg utviding av gravplassen på Osnes, der Ottesen er ein av grunneigarane. Ottesen er her svært oppbragt over at kommunen framleis ikkje har endra syn på vidare utviding av gravplassen på Osnes, til tross for negative vedtak både på fylkesnivå og i Miljøverndepartementet.


 

Eg har alltid sett på Ottesen som ein sindig og fornuftig mann, og lar difor hans spark til meg som ordførar ligge i denne omgang. Som tidlegare ordførar i kommunen har eg vore med på å handsame denne saka mange ganger. Eg har vore i mekling på fylkesnivå, og eg har vore i departementet for å diskutere saka der, heile tida med eit samla kommunestyre i ryggen. Slik eg forstår det har dette ikkje endra seg, heller ikke i inneverande kommunestyreperiode. Eit samla kommunestyre har heile tida stått bak denne vurderinga.

Eg ser det slik at kommunestyret samla sett representerer innbyggjarane sitt syn, i alle høve i store og overordna spørsmål som td. arealdisponering. Eg har ikkje registrert til no at noko politisk parti i Ulstein i sine program har gitt uttrykk for avvikande syn i denne saka. For meg dreier dette seg difor om den kommunale sjølvråderetten, evne og vilje til å få gjennomslag for dette på overordna nivå, og her har kommunen «i alle år» stått på at den beste løysinga for framtidig gravplassføremål er vidare utviding av gravplassen på Osnes. Eg ser det slik at når først gravplassen på Osnes vart plassert der han ligg i dag, så var der mange gode grunnar til det. Desse argumenta er etter mitt syn ikkje svekka i dag, heller tvert i mot. Dei kulturminna som ligg i grunnen i dag lå der også når gravplassen vart etablert, og eg finn det difor både rett og rimeleg at kommunen held fram med arbeidet for å få frigitt meir areal i dette området, eit heilt ideelt areal til føremålet. Kommunen har også ved fleire høve freista å få fram gode kompromiss i saka utan å ha lukkast med det så langt.

Som Ottesen er vel kjent med har det frå kommunen si side vore arbeidd mykje med å finne alternative løysingar til Osnes, utan å lukkast med det. Ulstein er arealmessig ei lita kommune med ei avgrensa strandflate. Kommunen har fordobla innbyggjartalet sitt dei siste 50 åra. Slik sett er det ikkje det minste rart at presset på ulike typar areal har auka monaleg opp gjennom åra. I tillegg er det diverre slik at mykje av kommunen sitt areal er lite eigna til offentlege føremål, samstundes som kommunen har arbeida aktivt dei siste tiåra for å utvikle Ulsteinvik som eit sterkare sentrum. Når mesteparten av kommunen sitt areal då er i privat eige, er det slett ikkje rart at der oppstår utfordringar i skjæringspunktet mellom privat eigarskap og allmenne føremål. Sjølv ein høgremann må då innsjå at den private eigarskapen må vike for ålmenta sine interesser, sjølvsagt då med ein fornuftig kompensasjon. I mi tid som ordførar kan eg faktisk ikkje hugse ein einaste gang der kommune og grunneigar ikkje har vorte samde om grunnspørsmål.

I eit møte med tidlegare miljøvernminister Børge Brende, og med dei fakta i saka som den gang låg føre, meinte han at dette var ei sak som kommunen burde få gjennomslag for. Utan samanlikning for øvrig nemnte han ma. alle dei avvika frå kulturminnelovgivinga som var blitt gjort mellom anna i Trondheim. Det vil heile tida verte ei avveging mellom sterke allmenne føremål og bevaring av kulturminne. Av det eg kjenner til av registrerte kulturminne på Osnes meiner eg framleis at allmenne føremål/areal til gravplass bør vege tyngre enn registrerte kulturminne av ein karakter som vi har mykje av frå før i kommunen, og eg reknar med kommunestyret/innbyggjarane våre framleis er samde i det. Elles kan ein jo også spørje seg om ikkje det mest naturlege i verda er å gravlegge våre døde i jord som har vore bebodd av våre forfedre? Slik sett vil vi jo alle etter kvart framstå som kulturminne.

Mitt råd til Ulstein kommunestyre vil difor framleis vere å halde fram arbeidet med å få utvida gravplassen på Osnes.

Jan Berset, Ulsteinvik