Vindmøllepark – ei kjempemogelegheit for Ulstein kommune

Turveg i Ulstein  Foto: Arkiv

Lesarbrev

Skrive av Erik Haakonsholm, Ulsteinvik

Eg ser at mange tek til orde mot vindmølleparkane som er føreslegne for Hareidlandet.

No må vi vere positive! Dette er ein kjempesjanse for Ulstein kommune.

Siste åra har vi hatt eit kjempeløft i bygging av turvegar som har gjort det mogeleg for innbyggjarane å gå tørrskodd i tidlegare urøyrd natur.

Ein vindmøllepark vil gi endå fleire mogelegheiter. Anleggsvegane vil kunne gi kryssingar over fjell og dalar der vi no berre kan drøyme om nye vegar.

I dag er det ei skrapa kommunekasse som må finansiere trailarar, anleggsmaskinar og fyllmasse som trengs for å tilrettelegge for at vi skal kome oss til fjells. Om vi no godtek å plassere nokre vindmøller i enden av vegane våre, så kan vi få utbygd mykje meir!

Utbygginga av fjellvegane har hausta stor jubel, ikkje minst fordi det gir alle ein sjanse til å kome seg til utvalde stader. Det er ein menneskerett med universell framkomelegheit.

Det er trass alt endå nokre område ein kan risikere å måtte knyte på seg fjellsko for å kome seg til.

Dyreliv og urøyrd natur har vi nok av andre stader.

Om vi legg endå ein veg på tvers av eit orrespel eller eit våtmarksområde, så kan både vi og etterkomarane våre leve godt med det.

Vi toler godt å sjå nokre vindmøller dersom vi får fleire vegar å spasere på. Det vil revolusjonere folkehelsa.

Den økonomiske vinsten frå prosjektet vil dessutan gi klingande mynt i kommunekassa. Då kan kommunen stimulere til ei meir storstilt utbygging i sentrum.

Kanskje vi kan oppnå å få tetta heilt igjen mot sjøen, slik at vi slepp den kalde gufsen derifrå.

Er vi heldig får vi også råd til ei ny kyrkje. Dette kan då delfinansierast gjennom langtidsleige av parkeringar i kyrkjekjellaren.