Vindmøller? Nei takk!

Topptrioen: Vår soleklare haldning er at vi på ingen måte vil opne for vindmølleutbygging i fjella i Hareid, seier f. v. Andre Bårslett, Ragnhild Nedrelid og Hege Holstad i Hareid Arbeidarparti. 

Lesarbrev

Hareid Arbeidarparti sine tre toppkandidatar er samstemte i mot vindmøller i fjella i Hareid.

Etter at NVE for kort tid sidan viste til at vårt område kan vere aktuelt for etablering av vindmølleparkar, har mange innbyggarar reagert, og fleire har vore i kontakt med kandidatane for å finne ut av kvar partiet står i denne saka.

No er det ingen konkrete planar for utbygging, men vi meiner det er viktig å vere ute så tidleg som råd med våre synspunkt før det eventuelt vert ein debatt.

For oss er friområda på øya av dei mest verdifulle skattane - både for innbyggarane og dei besøkande. Store industrielle inngrep i naturen er meir eller mindre irreversible, og vil forringe store delar av omliggande natur, og ikkje minst påverke dyrelivet negativt.

Skulle ei vindmølleutbygging bli ein realitet i framtida, er det ikkje snakk om eit og anna betongfundament med vindmøller på. Det trengs ein omfattande infrastruktur - og store areal vert bandlagde då det er vesentlege avstandar mellom kvar mølle. Reint visuelt vil vindmøllene bli ruvande i landskapet.

Vi er fullt klare over utfordringane i vår tid med overgang til grønare energi, men vi kan umogleg ha kome til det punktet der vi er nøydde til å gjere dramatiske inngrep i naturen så nært inn på befolkninga. Vi har så mange naturressursar vi kan nytte til energiutvinning, til dømes sol, vassdrag og havstraumar. Med ei galopperande teknologisk utvikling, vil det i nær framtid kunne finnast andre og smartare løysingar for energiutvinning.

Vi klarer ikkje å sjå at ei slik satsing skal kunne gi betydelege inntekter eller arbeidsplassar til Hareid kommune. I tillegg er det ein diskusjon om denne energien skal nyttast i Noreg, og om det er norske selskap som skal stå bak prosjektet. Vi må hindre at vindkraftutbygging vert ei privatisering av inntekter som vil gå på bekostning av sosiale og miljømessige kostnader.

Vår soleklare haldning er at vi på ingen måte vil opne for vindmølleutbygging i fjella i Hareid!