Meiner Distrikts-Norge er under angrep:

Det er inga skam å snu – når ein finn at ein er på ville vegar!

"Braastans for stup" av Andreas Bloch (1889).   Foto: Illustrasjon/Frå fr. Nansens Paa ski over Grønland 1890.

Lesarbrev

Les innlegget, skrive av Hareids-busette Jan Høgstavoll - som først blei lagt ut på Bunadsgeriljaen si Facebook-side - og som har blitt delt fleire hundre gonger:


Eg er ikkje lett å skremme, men no er eg skremd.

Distrikts-Norge er under angrep.

Fødeavdelingar leggjast ned, sjukehus sentraliserast og folk får reiseveg på mange timar til akuttfunksjoner - med den risiko dette inneber.

Velfungerande utdanningsinstitusjonar i distrikta blir føreslått nedlagde. Utdanningar som er heilt nødvendige for samfunnet leggast ned eller flyttast meir urbant, med den konsekvensen at distrikta mistar noko verdifullt.
Dette landet har konstant vore under sentralisering dei siste 50 åra og det berre eskalerer.
Men store kompetansemiljø skal gjere alt så mykje betre!

Politikarane har laga seg føretak som dei gøymer seg bak. Føretaka skal bestemme korleis ting skal vere og dei driv ikkje med brukarundersøkingar, nei - dei bestiller konsulentrapportar der den konklusjonen som er gitt på førehand er sjølve bestillinga.
Men store kompetansemiljø skal gjere alt så mykje betre!

Klinikksjefar og direktørar lyg openlyst i prosessane og all medverknad frå tilsette er omtrent vekke.
Når løgnmakarane blir tatt med buksene nede, dreg dei berre på seg brokja igjen og går vidare utan å tørke seg. Dei bryr seg ikkje om at det luktar - for om det luktar så mykje at dei må finne seg annan jobb, får dei tørkepapir verd millionar med seg.
Dei har gjort alt etter bestilling frå ministernivå og når lukta kjennest dempar pengelukta skitlukta.

For ministeren si bestilling er:

Store kompetansemiljø gjer jo alt så mykje betre!

Og når vi skal reise - har vi få alternativ til bilen. Sjølv om vegavgifta krevjast inn saman med forsikringa, så er den ikkje vekke. Men så snart ein ny vegstump skal byggast - så kjem nye bommar i tillegg til alle som står frå før - for å finansiere heilt andre ting enn veg. Og drivstoffavgifter og eingongsavgifter er ikkje småpengar.

Eg trur ikkje eg treng å seie så mykje om den såkalla politireforma. Den snakkar for seg sjølv. Eit eksempel: Ein politibil dekkjer utanom vanleg arbeidstid behovet for nærvær for fire kommunar i Vesterålen. Nærleiken og tenestene skulle bli så mykje betre med reforma.
For: Store kompetansemiljø skulle gjere alt så mykje betre.

Så blir dei som sit med makta bedne om å kome på bana. Men det kan dei ikkje, det er ikkje deira kamp, dei er bundne på hender og føter. Av styra i føretaka, av regjeringserklæringar - og dessutan så har jo andre tidlegare rasert enno meir enn dei sjølve har gjort - av same tingen.
Så det, så!
Som om DET skulle vere grunn for å ikkje ta til vitet!

Ein kan harselere over dette, men det er faktisk svært alvorleg at dei som er valde av folket sluttar å lytte til "brukarane" - som vi no heiter. Og spesielt alvorleg er det at verken fagstadsrådar eller statsminister Erna lyttar.
Sjølvgodheita og "eg veit best" ligg tjukt utanpå!
"Men det er jo hyggeleg med engasjement" - seier Erna nedlatande.

Heldigvis ser vi no at det eine opprøret etter det andre tek form. Aldri har det vore ei sterkare rørsle i gang sidan kampen mot EU.

Det vil ikkje forbause meg om mange sentrale politikarar blir tekne av denne tsunamien om dei ikkje no kjenner si besøkstid. Mindre bølgjer har velta større ting enn politikarar som ikkje skjønner at dei er til for oss!

Eg håper at så mange av oss som mogleg blir ein del av dette opprøret.
Og det er å håpe at motstanden og hukommelsen held seg fram til valet i 2021.
Alle bør etter kvart vite kva for personar og parti som fortener stemmene - frå folk i distrikta som mistar sine viktigaste funksjonar - og også frå folk i byar og tettstader som no kvelast av avgifter for å leve eit normalt liv.

Takk til Bunadsgeriljaen for eit heilt nødvendig engasjement, ikkje berre for Fødeavdelinga i Kristiansund - men for at heile kyst- og distrikts-Norge setjast på kartet


Stolt medlem av Bunadsgeriljaen

Jan Høgstavoll
Hareid