Topptung administrasjon i Hareid kommune

Lesarbrev

I denne valperioden har vi vore vitne til stor auke i bruk av konsulentar – med varierande hell.

Og no er det mange med meg som undrar seg over den etter kvart topptunge administrasjonen som har vakse fram i Hareid kommune. No sist ein ny advokat.

Eg forventar at rådmannen, assisterande rådmann og tidlegare rådmann kan sitt lovverk – eg veit i alle fall at tidlegare rådmann kan det.

At ein då, i ein heller liten og oversiktleg kommunen skal ha bruk for ytterlegare juridisk spesialkunnskap over heile linja, er for meg uforståeleg. Er det ein kompetanse som dei meiner er nødvendig eller er det mangel på kompetanse hos dei som alt er tilsett?

Eg er klar over at det å forvalte ein kommune har blitt meir og meir komplisert, og at ein derfor treng leiarar som har den kompetansen som trengst. Men det er ikkje berre å fylle opp med medarbeidarar i toppen. Det er fotfolk vi treng, i helsetenesta, i barnehagane, i skulen, i uteseksjonen osv. Det er ikkje i toppleiinga trykket er størst.

No må politikarane ta ein grundig gjennomgang om korleis dei vil at vår kommunen på best mogleg måte kan bygge opp (eller ned) ein administrasjonen og eit servicetilbod som er nødvendig.