Verken topptung eller for mange juristar

Ragnhild Velsvik Berge svarer Einar Holm i dette lesarbrevet.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Lesarbrev

I innlegget «Topptung administrasjon i Hareid kommune» (Vikebladet 21.05.19) hevdar Einar Holm at Hareid kommune har ein topptung administrasjon med for mange juristar. Han reagerer særskilt på at kommunen no skal tilsette nok ein jurist.


 

Eg har forståing for at administrasjonen generelt og juriststillingar spesielt skapar engasjement blant innbyggarane. Det er lett å legge saman talet på stillingar, leiarar og deira eventuelle juristbakgrunn og so tenke at Hareid kommune har ein topptung administrasjon og mange advokatar.

Faktum er at Hareid på ingen måte utmerkar seg negativt her. Tall frå KS syner at Hareid godt tåler samanlikning med andre kommunar i fylket når det gjeld storleiken på administrasjonen. I tillegg er det ikkje slik at juristane våre er tilsett som juristar. Dei er leiarar og sakshandsamarar og har ein stor portefølje med oppgåver som ikkje er direkte knytt til utdanninga deira.

Velprøvd modell

Hareid kommune er organisert i sektorar. Dette er ein modell som er godt forankra i politiske vedtak etter to rundar i kommunestyret. Vi har tre sektorar - læring og kultur, velferd og samfunnsutvikling - leia av kvar sin kommunalsjef og ein stab leia av assisterande rådmann. Assisterande rådmann er i tillegg stedfortredar for rådmannen.

Dette er ein modell som er svært vanleg i norske kommunar i dag. Flatare modellar har vist seg å føre til dårleg koordinering og god grobotn for uformelle leiarar. Hareid sin modell er ryddig og syner kva ansvar som ligg til den enkelte. Modellen er nesten identisk med fleire av kommunane rundt oss, noko som er nyttig i interkommunalt samarbeid.

Erfaring tel mest

Vi er heldige som har nokre juristar tilsett i ulike funksjonar. Samfunnet vårt vert stadig meir lovregulert og juristar fyller mange type stillingar. Dei er ettertrakta fordi dei har ei såkalla «generalistutdanning» som kan nyttast i mange ulike samanhengar, blant anna i leiarstillingar. Det er altså ikkje type utdanning som alltid er avgjerande, men kva erfaring du har skaffa deg.

At Hareid kommune no har snart fire juristar skuldast for det meste tilfeldigheiter. Assisterande rådmann er juristutdanna, men har si erfaring frå mange relevante leiarstillingar i det offentlege, og var med sin erfaringsbakgrunn den rette personen for oss i den stillinga. Sameleis er leiar på kommunalteknikk også juristutdanna. Ho fekk heller ikkje jobben fordi ho var jurist, men på grunn av sin kompetanse samla sett. Desse er leiarar og arbeidskvardagen består av leiing og fortløpande driftsoppgåver slik den gjer for andre leiarar.

Ikkje toppstilling

Når det gjeld den utlyste stillinga som jurist, er ikkje dette ein person som skal sørve toppleiinga, men ei sakshandsamar på eininga kommunalteknikk. Vedkomande vil få ansvar for mellom anna generell sakshandsaming i avdelinga, oppfølging og handsaming av forsikringssaker, utarbeiding av nye malar, rutine, beredskapsplaner og kontraktar, offentlege anskaffing, generell juridisk rådgiving på eininga, klagehandsaming med meir. Der er inga utdanning som vil dekke alle desse områda, men jurist er for oss best dekkande sidan vi no har god kompetanse på ingeniørfeltet.

Dette er den einaste stillinga der vi konkret har lyst ut etter ein jurist. Det er fordi vi trur at ein med denne bakgrunnen vil vere best kvalifisert. Sektor for samfunnsutvikling (tradisjonelt teknisk etat) har over år måtte tåle mykje kritikk for sitt arbeid, blant anna formelle feil. Noko kanskje med rette, og anna ikkje. Det er ynskja politikk at vi skal ha vekst på Hareid, og oppgåvene for sektoren er mange og omfattande. Vi må derfor ha ein arbeidsstokk som kan utføre desse oppgåvene.

Alle viktige

Når eg no fokuserer på rådhustilsette, trur kanskje nokre at eg har gløymt alle på barnehagane, skulane og sjukeheimane for å nemne nokre. Slik er det ikkje. Brukarundersøkingar stadfester at desse tenestene i det store og heile fungerer godt, og drifta går sin gang utan mykje negativ merksemd frå lokalsamfunnet. I rådmannens leiargruppe har alle like stor plass, men i media, og ofte politisk, har dei administrative og tekniske tenestene hatt mest spalteplass, og difor er det dei som må kommenterast no.

Eg håper dette var oppklarande og at rådmannen og kommuneorganisasjonen no får ro, støtte og oppmuntring i å bygge eit kompetent lag som kan utføre dei oppgåvene som ligg der. Norsk kommuneøkonomi er under press. Kommunen går inn i ei tid med store omstillingskrav, og treng eit godt og motivert lag for å lykkast med dette.


Ragnhild Velsvik Berge

rådmann Hareid kommune