Gledde seg til 17. mai i Dublin, men

Ulstein mannskor sat skoddefast på Dublin-tur

Lesarbrev

Ulstein Mannskor såg fram til å feire nasjonaldagen i Dublin. Slik gjekk det ikkje. 

 

Ulstein Mannskor var innbodne av ambassaden i Dublin til å feire 17. mai saman med nordmenn i Irand/Dublin i år. Med tanke på vår lange tradisjon med song ved Steinane ved kyrkja og på Alvehaugen, var det sjølvsagt ei vanskeleg avgjerd, men det vart til at vi takka ja. Det ville vere spanande å oppleve 17. mai i utlandet og særleg i Irland, sidan vi vel kjenner eit stort slektskap der vestover. Dette trass i at vi i november sist år var på Svalbard der vi mellom anna deltok under gudstenesta i våre nye, representative jakker.

På øvingane siste månadane øvde vi på songar som «Molly Malone», «My wild Irish Rose» osv og ikkje minst «Norge i rødt, hvitt og blått» som ambassadøren, Else Berit Eikeland, så gjerne ville høyre.

Vi var innbodne til å vere med å ta imot diplomatiet frå andre land og folk frå kulturlivet i Irland på 16. mai i residensen og bere fram vår kultur i form av norsk tradisjonssong. Då ville «Sunnmøre» tone ut i hagen der borte saman «Norges Fjeld» og sjølvsagt «Ja vi elsker» etter ambassadøren sin tale. Vi ville også framføre songar frå dei andre nordiske landa som «Stjernesangen» frå Finlandia, «I østen stiger solen opp» osv. Ikkje umogeleg at vi også slo til med «Kjerringa med staven».

17. mai skulle vi møte ved statua av Molly Malone, synge den flotte og triste songen om den vene jenta som trill vogna si i gatene i Dublin fair city og baud fram cockles and mussels slik foreldra hennar hadde gjort. Ho døydde diverre i tredje vers og går no att på same runden i Dublins gater med ropa sine om cockles and mussels.

Vi skulle gå i tog med norske flagg i dei nye jakkene våre med 17. mai-sløyfer, ende opp i parken og ete pølse som heime og til slutt vere med til residensen for meir feiring av dagen.

Dei to neste dagane skulle vi kose oss med sightseeing i byen og omlandet som er så merkt av samkvemmet for over 1000 år sidan. Ikkje alltid i fredelege former, men det meste er gløymt og tilhøvet mellom nordmenn og irar er det beste. Vi var også budd på song i dei mykje omtykte pubane i Dublin og ikkje minst «Lova Herren mi sjel» utanfor St. Patricks!

Vel, det starta bra med fruer i bil og buss mot Vigra, men vi ante uråd i høve til grauttjukk skodde over landet. Frå avgangshallen såg vi knapt trappene vi skulle nytte oppi flyet, men flyet stod diverre ikkje ved enden av trappa. Det skulle lande om 30, 10, 5 og 4 minutt, men ned kom det ikkje og gjekk til Molde i staden. Der vart det ståande å vente og tid for avgang til Dublin på Gardermoen nærma seg stygt og snart var tida ute.

Omsider vart det eit gløtt i skodda og der var flyet. Vi visste at vårt fly var gått mot Dublin frå Oslo, men med 35 stk som skulle den vegen, hadde vi tru på ei ordning og sette oss på flyet med raud nase.

Det er lite ein kan gjere når ein sit skoddefast på Vigra. 

 

Vel på landjorda igjen, tikka meir og meir fortvila meldingar inn om henting av bagasje og om å gå til billettkontoret til Norwegian. Gruppekontoret var i sving, men andleta bak skranken viste liten optimisme der dei hamra på tastatura og såg med svarte auge på skjermane og med ei djupare og djupare rukke i panna. Inga løysing, torsdag 16. mai og fredag 17. mai var reisedag i Noreg og Europa og Irland og Dublin var svært så populært.

Berre få sete på eitt fly og nokre til på eit anna via København og resten av Europa, i dag og i morgon, fullt overalt – Nei no måtte vi berre kome oss heim til nordvest igjen og finstasen – og det gjorde vi. 35 sjeler kom oss reine igjennom sikkerheitskontrollen på nytt, belte og skolause tassa vi med snippeska vår til Gaten der Ålesund snart blinka «Boarding».

Det var den turen, men motlause er vi ikkje og særleg etter at vårt reisebyrå som har fått oss trygt fram før, heldt oss økonomisk skadeslause (svært takksame for det), er vi klar for mye turar. Vi har fått ny innbyding til Dublin og ambassaden i 2020, og kven veit, kanskje sit vi på Vigra igjen om eit år, då med litt større margin til 17. mai så vi er sikker på å nå feiringa!

Otto Botnen 29.5.2019