Pensjon:

– Pensjonen er ein vits

Pensjonist: – I fjor pensjonerte eg meg, og mange dagar tenker eg at eg fortener det, skriv Knut Arne Høyvik i dette lesarinnlegget. Arkivfoto: Anne Gry Eilertsen  Foto: Anne Gry Eilertsen

Det er frå no av og til valet er over, politikarene reiser rundt og stryk gamlingane over kinnet, og takkar dei for at dei bygde landet

Lesarbrev

I fjor pensjonerte eg meg, og mange dagar tenker eg at eg fortener det. Eg steig ut i arbeidslivet som 16-åring, og med fråtrekk av to år på skule vart det eit ganske langt arbeidsliv. I 30 år hadde eg eit rullande dekk under føtene og kjende meg mange gangar sliten.

Alderspensjonen er ein vits, og dei siste fem åra har pensjonistane ikkje hatt vekst i kjøpekrafta, men sakka akterut. Det er i grunnen rart, for det er frå no av og til valet er over, politikarene reiser rundt og stryk gamlingane over kinnet, og takkar dei for at dei bygde landet. Vi er også med i det mest brukte kampropet som snart ljomar ut frå politiske fjernsynsdebattar: « Skule, helse, eldre.»

Eg har ingen planar om å gå ut i gatene og demonstrere, men peikar på at denne utviklinga har oljelandet Norge liten grunn til å vere stolt av. Vi kan kategorisk slå fast at Pensjonsfond utland ikkje gjeld dagens pensjonistar.

Finansminister Siv Jensen sleit med å sy i hop revidert nasjonalbudsjett, men løyste det med å bruke fattige 7 milliardar kroner meir av oljepengane. I skrivande stund er fondet på drygt 9 tusen milliardar.

Då tok det fyr i landets ungdomsparti, som samla hevda at dette var eit ran i frå dei. Leiar i KrFU, Martine Tønnesen sa til abcnyheter at ho var redd dei vart «generasjon null pensjon» Eg undrast over at journalisten ikkje stilte nokre spørsmål til oppfølging av eit slikt utsegn.

For både eg og dei andre som er pensjonistar har finansiert pensjonane våre med eige arbeid og vareproduksjon, det må komande generasjonar også gjere.

No er rett nok ungdomskulla mindre, og det blir færre å belaste pensjonskostnadane på.

Men dersom vi føreset at meir og meir av oljefondet skal gå til å finansiere pensjonane til borna og barneborna våre, stadfestar vi også at framtida vil ha eit arbeids- og næringsliv som går på lågaste gir.

For greier dei å halde oppe vareproduksjonen og sysselsetjinga, er det rom for å finansiere pensjonane til dei som kjem etter oss, på same måten som vi har gjort det.

Sjølv om det blir færre i arbeidsfør alder er det grunn til å tru at nye generasjonar vil auke produktiviteten likevel, det viser historia.

Det er grunn til uro når dei politiske leiarane i ungdomspartia ikkje nemner dette med eit einaste ord. Dei går tydelegvis inn i framtida sikker på at det er oljefondet som skal bere pensjonane deira- og ikkje eige arbeid.

Knut Arne Høyvik

Noko du engasjerer deg i? Send inn dine lesarbrev til redaksjon@vikebladet.no