Motorkonvoien samla seg ved Lillehammer

Lesarbrev

Dette er noko nytt i Noreg. Dei ymse veteranbilklubbane og am.carklubbane har alltid arrangert meir distriktvise treff og løp. Men her var heile Noreg med i eitt gedigent treff.

Landsrådet for motorhistoriske kjøretøyklubber (LMK) og Amcar-stiftinga har gått saman om å organisere motorkonvoiar frå alle kantar av landet som enda opp i Lillehammer fredag 7. juni 2019. Laurdag var det stor utstilling av køyrety på alt som kunne oppdrivast av areal i Olympiaparken. Der kom fram ca. 1000 – 1200 køyrety. Laurdag kveld vart det feira 40-års jubileum for LMK.

Søndag 9. juni var det Nasjonal Motordag, og ikkje å gløyme; -opning av Norsk Kjøretøyhistorisk Museum. Det nye museet ligg innafor området til Norsk Vegmuseum, og nær Eventyrparken ved Hunderfossen. Her ventar ei oppleving for folk flest, og med ymse interesser, så ta ein pust i bakken her!

Det nye museet vart opna av tidlegare Samferdsleminister Ketil Solvik Olsen som i si tid ivra sterkt for å få etablert dette kulturtiltaket her midt i Sør-Noreg.

Bilda og bildetekstene skal syne at vi var tilstades også frå våre bygder når vi også i Noreg har makta å få til eit så interessant og så viktig kulturhistorisk tiltak som dette. Når vi tenkjer oss om, har køyredoningane frå og med motorsykkel og automobil, hatt ei enorm innvirkning på utviklinga av landet vårt. Vi som var der hadde ei strålande pinsehelg der vi også kom i kontakt med gamle kjende frå fjern og nær, og mange knytte nye kontakter.