Hyklaren Staten

- Det beste ville ha vore om vi avvikla heile taxfreeordninga, skriv Bjarne Wærdahl i Ulsteinvik i dette lesarinnlegget.

Bjarne Wærdahl  Foto: Arkivfoto

Lesarbrev

Røykelova har vore ein suksess. Vår nabo i aust har teke den endå eit skritt vidare i år, og har sett seg som mål å avvikle røyking innan år 2025. Prisane på ei 20-pakning i Sverige er halvparten av vår. Difor er heller ikkje landet så interessant for den polske sigarettmafiaen.

I vårt land har staten sett inn fleire titals millionar i kampanjar mot røyking, snus, sukker og alkohol. Samtidig har vi ei av dei mest generøse Tax Free-reglane i verda.

Kvar flyplass med internasjonale flygingar langar alkohol og røyk i enorme kvanta. Prisen på flybilletten vert ein bagatell i høve kva vi legg att i Tax Free-butikken.

Det er mange stadar ikkje mogeleg å kome seg ut til avgangen sin, utan å gå gjennom hyllekilometer med magnumpakkar av snop, parfyme, vin, brennevin og tobakk. Bak dette står statens Avinor og multinasjonale storkonsern, som Heinemann, og håvar inn milliardar på dobbeltmoralen.

Sjekkar ein prisane, som fleire aviser har gjort, finn ein fort ut at det ikkje er mykje å ”hente” på stressinnkjøpa før bagasjebandet. Fleire vinflasker er til dømes dyrare enn på ”polet”.

Om Vinmonopolet har fått drive elendigheita, har vi alle fall hatt betre samvit i høve kvar pengane tek vegen. Det beste ville ha vore om vi avvikla heile ordninga.

Staten kunne ha fått ein rakare rygg, dei reisande spart seg for kjøp av kilovis med e-stoffbomber av godterier. Skryteflasker med Cognac, som sikkert ikkje vert opna, etter kanskje å ha blitt betalt med meir enn ein dags løn. Sigarettar, som ein har fått so billig (?) at ein røyker dobbelt så mykje. Parfymen får du ofte like rimeleg i ditt næraste parfymeri. I staden havnar pengane i Tyskland.

Etter dei store innkjøpa har handbagasjen vakse til det dobbelte. Ein drassar med seg posar og øskjer til neste fly, buss eller båt, i glede over å ha fått med seg noko som er billegare enn det naboen må betale. Det er lurt å ta ei etterkalkyle for å sjå kva ”utbyttet” vart. Kor mykje av dette trengde du? Kva ville du ha spart om du let være å kjøpe noko i det heile?

Avinor vil hevde at flybillettane vert dyrare utan Tax Free. Vi toler gjerne eit par tiarar på toppen av billegbilletten for å sleppe dette tyranniet.

Korleis kan vi ta staten sine kampanjar på alvor, når den største skurken er staten sjølv. Nordmenn misser all dømekraft, etikk og moral, bere ein kan kjøpe noko som er ”billig”. Dette held liv i mafiaen i Polen, Latvia og andre land.

Om staten hadde sett ned avgiftene på lovleg omsetnad i deira eigne utsal, Vinmonopolet , hadde vi ikkje underhaldt illegale system i utlandet med millionar av svarte pengar.

Eg drikk gjerne fleire glas vin, røykjer også ein og anna gong, men handle på Tax Free eller kjøpe smuglarvare; Nei Takk!

Bjarne Wærdahl

Ulsteinvik