Eigedomsskatten er ikkje naudsynt og kan fjernast

- Vi var overraska da AP, FrP, SP, KrF og SV vedtok eigedomsskatt utan at vi som politikarar og administrasjonen hadde sett grundig og djupt på om vi kunne spare inn noko eller eventuelt få eit meir realistisk syn på inntektene til kommunen, skriv Pål Grødal, Venstre sin ordførarkandidat i Ulstein.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Lesarbrev

Ulstein Venstre har heile tida vore imot eigedomsskatt i Ulstein. Vi ønskjer å ta den vekk innan eit år. Venstre har ønskja å sjå på andre måtar å sikre inntektene og utgiftene til kommunen. Vi meiner at det er nok økonomisk rom i kommunen allereie slik at vi ikkje treng denne usosiale ekstraskatten.

Prosessen før ein innførde eigedomsskatt i kommunen i 2018 var ikkje slik Venstre ønskja. Vi var overraska da AP, FrP, SP, KrF og SV vedtok eigedomsskatt utan at vi som politikarar og administrasjonen hadde sett grundig og djupt på om vi kunne spare inn noko eller evt., få eit meir realistisk syn på inntektene til kommunen.

Venstre sitt prinsipp er at vi må spare før vi skatter folk. Vi må ha kunnskap om inntektene før vi skattar folk for heimane deira.

Ut av eit budsjett som for 2019 er på 728 millionar har dei som støtta eigedomsskatt ikkje gått aktivt inn på å sjå om vi kan nytte mindre på den drifta vi har, eller dei prosjekta vi går inn for.  1% innsparing hadde vore nok til å fjerne meir enn halve eigedomsskatten.

Sidan vi har eigedomsskatt har vi sikkert lite i fonda våre da?

Nei! Per 01.01.2019 hadde kommunen 82 millionar samla i fonda sine. Det er nok til å finansiere fleire utbyggingar.

Ein god illustrasjon på at kommunen ikkje trenge eigedomsskatt er til dømes at Ulstein i 2016 sat av 16 millionar til fond, i 2017 10 millionar og i 2018 sat vi av 7,4 millionar. I 2018 tok kommunen i tillegg ei anna utgift på 9,4 millionar som eigentleg var spreidd ut på heile økonomiperioden. Vi betalte ut 9,4 millionar på forskot som vi ikkje eigentleg trengde betale ut da. Ulstein hadde og eit overskot på drifta i 2018 på 983 000,-. Eigedomsskatten er per i dag på ca. 13 millionar per år. For 2018 hadde altså kommunen eit overskot, før evt., innsparing og før evt., vurdering av nye prosjekt, på til saman 17,6 millionar imot ein eigedomsskatt på 13 mill. I 2018 hadde ikkje Ulstein trengt eigedomsskatt for å gå i pluss. Utan ytterlegare sparing er altså kommunen i pluss utan eigedomsskatten.

Kvart år gjeng ein del politikarar inn for nye utgifter og investeringar i tiltak vi kan greie oss utan. Til dømes leige av parkeringsplassar med ein totalkost på opp mot 30 millionar rett ved Arena og innkjøp av eigen feiebil til 1,7 millionar.

Venstre ser og at innan drifta så kan det være pengar å spare på til dømes husleige, konsulentbruk og reiseutgifter. Vi nytta til dømes 250 000,- på konsulentar ved tilsettinga av rådmann i 2018 når vi kunne nytta vår eiga dugelege personalavdeling.

Kva så med framtida? I år ligg vi allereie godt føre skatteinngangen vi har budsjettert med for 2019. Ulstein ligg før med 3,5 millionar samanlikna med budsjettet. Det tyder også godt for resultatet i år og at vi mogelegvis kan sjå at for 2019, som i 2018, vert inntektene i frå eigedomsskatten balanserte ut av overskotet i frå skatteinngangen og drifta i kommunen.

Finansminister Siv Jensen støtter dette denne veka å seier at norske kommunar får meir enn 5 milliardar kroner ekstra i skatteinntekter for 2019. Jensen seier at eigedomsskatten kan fjernast no i alle kommunar.

Kommunen driv disiplinert, men vi har ikkje spara noko særleg på drift eller på investeringar. Samstundes er skatteinngangen særs god. Da er det feil å halde på eigedomsskatten meiner vi i Venstre.

Politikarane og administrasjonen må ta ansvar fyrst, ikkje skyve ein ny skatt over på folk i Ulstein.

Godt val. Nytt røysteretten.

Pål Grødahl

Ordførarkandidat i Ulstein Venstre