Folkelista og kommunereforma

Lesarbrev

For to år sidan hadde vi folkerøysting på Hareid om Hareid skulle halde fram som eigen kommune eller ikkje. Eit stort fleirtal av innbyggjarane var tydlege på at dei ville at Hareid skulle gjere det.

I valkampen lokalt har vi fått signal om at dei fleste partia i Ulsten ønskjer at dei skal slå seg saman med andre kommuner der særleg Hareid er ein aktuell kandidat.

Partia på Hareid seier dei vil respektere folkerøystinga. Venstre sin ordførarkandidat seier at ho ikkje vil ta initiativ til noko. Kva da om partivenner i Ulstein tek dette initiativet? Høgre sin ordførarkandidat seier at han personleg finn det natuleg å slå seg saman med Ulstein.

Vi veit og at Monica Mæland som representerer Høgre i regjeringa, er klar på at det vi har sett av kommunesamanslåingar til no berre er ein liten start på det som er målet med reforma. Kva press Høgre sentralt vil legge på lokalpartiet, veit vi lite om.

Helge Andre Njåstad frå FRP samarbeidde tett med kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. Han var og tydleg på at vi måtte få fart på kommunesamanslåingar.

Korleis opplever vi dette i dagens politikk?

Styringssignala frå dei blå-blå er klare til NAV-leiarar, lensmenn, helsetenester, skuleleiarar, tannhelse, planleggarar, driftsleiarar, kommunelegar, skattekontor og mange andre at større er betre og at samanslåingar er løysinga. Sjølv om dei ikkje fekk slå saman så mange kommunar som dei ville, går dei tenesteveg og gir ut reglement, lovverk og rutinar for nye styringslogikkar som tvingar tenestene til å tenke samanslåing i staden for samarbeid over kommunegrensene. På eit rådmannsmøte for ikkje lenge sidan lanserte reformkonsulent Vinsang frå NIVI-analyse 3K, 5K og 7K som klyngjekommunar i staden for samanslegne kommunar. «Kommunereform har fått eit negativt forteikn, så ikkje bruk det uttrykket meir, sa han.» Han var inspirert av den maritime klyngja som han hadde sett som ei suksesshistorie med slagordet «samarbeide når vi kan og konkurrere når vi må.» Er det slik vi skal drive politikk? Med konkurranse og kjøpslåing?

Rådmennene planlegg ut frå dette og presenterer deretter sak etter sak i formannskap og utval der tenesteområde vert flytta frå kommunesentra og opp i regionale senter. Ovanfrå ser det kanskje ut som eininga vert større for dei som får eit samanslege kontor, men lokalt vert tenesta borte. Då er der ingen å spørje til råds lenger eller nokon som har lokal kunnskap. Då møter vi byråkratiet bak ei nettside.

Dette fortel oss at kampen for Hareid som eigen kommune framleis er ei viktig og aktuell politisk sak. Folkelista er den beste garantien for at Hareid også i framtida får vere ein sjølvstendig kommune.

Godt val !!


Kristian Fuglseth og Einar Måseide

Folkelista for Hareid kommune