Skulane i Hareid

Folkelista meiner det har vore positivt for skulane at det har vore ro om skulstrukturen dei siste åra.  Foto: Leiv Arne Grimstad

Lesarbrev

Folkelista har dei siste fire åra sikra ro om skulestrukturen i Hareid. Dette har vist seg å vere svært positivt for skulane i kommunen. Dei tilsette har lukkast med å yte naudsynte tenester innanfor gitt budsjettramme og årsrapporten frå Sektor for læring og kultur slår fast at skulane har hatt ei positiv utvikling.

Ser ein derimot politikarane nærare i korta er det fleire av politikarane som opnar for skulenedleggingar.

Både elevar, lærarar og leiing har dei siste åra fått konsentrere seg om det skule skal handle om, nemleg å bygge gode og trygge relasjonar, skape gode læringsmiljø, og legge til rette for undervisning og læring med høgt fagleg innhald.

Det er tilsynelatande ingen parti som ønskjer endring i skulestrukturen den komande perioden. Ser ein derimot politikarane nærare i korta, t.d.gjennom VG sin valgomat, er det fleire av politikarane som opnar for skulenedleggingar. Dette må veljarane merke seg.

Folkelista vil også dei neste fire åra syte for at skulen får ro rundt strukturspørsmålet, slik at vi kan halde fram med å gi elevane gode føresetnadar

for læring og utvikling.


Ranja Dimmen Alme

Folkelista for Hareid