Tåkeprat

Hus i Ulstein  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Lesarbrev

Ja, kva skal ein kalle det når Magne Gurskevik skriv 3 ord om eigedomskatten i Vikebladet 27. august. Tre ord utan punktum bak. «Ta bort eigedomskatten»


 

- Når vil dei sørge for at den skal vere borte? Om 100 år , eller?

- Kva nedtrapping vil dei gå for?

- Korleis vil dei innrette og drive kommuneøkonomien for å få den bort?

Utan ei rett styring og handtering av kommuneøkonomien får vi aldri bort eigedomskatten.

Det kan seiast mykje fint med 3 ord,- for eksempel: «Eg elskar deg». Men det kan vi ikkje seie om eigedomskatten.

Kanskje meinte Gurskevik å seie noko meir enn desse tre orda om eigedomskatten, sidan han ikkje sette punktum. Veljarane ventar i spenning på fortsettinga av desse tre orda.

Eg vil også seie at der var mange bra målsettingar  i programmet til Ap.

Det har vore sagt før at SV har også denne tåkete måten å seie det på,- dette med fjerning av eigedomskatten. Dei seier at dei på sikt vil fjerne eigedomskatten.

Veljarane er neppe så dumme at dei gled seg og stemmer på SV på ei slik svævande målsetting. På sikt – det kan vere langt framme i framtida det.

I tillegg vil SV legge eigedomskatt på bedriftene. Det er slett ikkje alle bedrifter som har tilstrekkeleg overskot til å klare den attåtbelastninga eigedomskatten vil gi.

Siste 4-5 åra har dei store og viktigaste bedriftene i Ulstein tapt om lag 2,5 milliardar kroner. Eg kjenner også mindre bedrifter som slit med økonomien. Det bør ikkje leggast «Stein til børa».

Kom igjen, - fortel oss veljarane kva grep dokke vil ta for å få bort eigedomskatten. Og når har dokke som mål om kva tid den skal vere borte.

Det var eit direktesendt  valprogram i regi av Bygderadio Vest, på Kulturhuset i Herøy no tysdag 27. august. Alle dei representerte partia i Herøy sa uttrykkeleg at dei ikkje ville ha eigedomskatt. Dei ville heller prioritere investeringar og drifta på ein måte som gjorde at dei slepp.

Slik kan ei kommune bli attraktiv.


Agnar Dag Ulstein

Ulsteinvik