Ulstein Arbeidarparti sine lovnader for komande 4-årsperiode

Lesarbrev

På valdagen skal alle vere trygge på kva Arbeidarpartiet vil stå for i neste periode i Ulstein kommune.

Vi skal sikre at desse vedtekne prosjekta vert gjennomførde:

Utviding av Ulsteinvik Barneskule

Bygge ny brannstasjon

Kvar enkelt stemme er avgjerande for kva retning utviklinga skal ta.

Vi skal også fremme forslag om og sikre fleirtal for følgjande 10 saker:

- Behalde noverande skulestruktur

- Få på plass ny kommunal barnehage

- Vidareføre skulefrukost på ungdomstrinnet og på sikt gje tilbod på barnesteget

- Ta bort eigedomsskatt

- Auke bruken av moderne velferdsteknologi og frigjere varme hender til direkte omsorg

- Sette inn målretta tiltak for auka busetnad i Haddal

- Bygge ut fleire gode turstiar slik at alle får god tilgang til flotte naturområde

- Få på plass gangvegar og parkeringsplassar på Flø – og utvikle bygda i nært samråd med dei som bur der.

- Sikre at offentlege byggeprosjekt skal vere energinøytrale eller gi positivt miljøbidrag

- Sikre eksisterande næringar gode vilkår og utvikle turisme som næring på ein berekraftig måte 

Arbeidarpartiet vil alltid legge til rette for godt samarbeid og leite etter dei beste løysingar. Kvar enkelt stemme er avgjerande for kva retning utviklinga skal ta.

Og vi vil fremme saker som sikrar berekraft, godt miljø, god velferd og tryggleik for unge og eldre. Vi skal sikre gode offentlege tilbod og demme opp for privatisering av offentlege tenester.



For Ulstein Arbeidarparti

Magne Gurskevik