Rådmannen svarer på "Kven vil kjempe for eldreomsorga i Hareid?"

Ragnhild Velsvik Berge, rådmann i Hareid kommune.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll

Lesarbrev

Viser til innlegg i Vikebladet skreve av dei tillitsvalde for Norsk sjukepleiarforbund. Det er flott at tilsette og tillitsvalde engasjerer seg for det fagområdet dei arbeider innanfor. Og eldreomsorga treng gode talsmenn og kvinner for her vert det mange som treng hjelp i tida framover, og mange viktige og kloke avgjerdsler som skal takast. Vi har eit tidsvindu frå no til 2024 der vi må legge grunnlaget for framtidige levevilkår og bærekraft for tenestene.


 

Rådmannen hadde ei orientering for leiarar og tilsette der omstillingsprosessen var tema. Eg ser av artikkelen at her nok har vore ein misforståelse i høve velferd sin del av innsparinga. Kommunen må totalt spare om lag 10 millionar neste år, og korleis dette skal gjerast er det ikkje tatt stilling til. Men talet er så høgt at vi veit at alle må bidra. For i år er innsparingstiltaka alt lagt inn i den enkelte sektor si ramme. Men velferd driv med eit meirforbruk og sektoren går inn i ei tid der dei (på lik linje med heile kommuneorganisasjonen) skal samalikne seg med andre og hente idear der ein ser at ein kan drive meir effektivt. Staten har gode samanlikningstal for dette, og her ser vi at velferd har noko å hente på ei meir effektiv drift på nokre område.

Så på den eine sida skal altså alle sektorane gå gjennom sine budsjettal og søke ei mest mulig optimal drift. Samstundes skal vi utvikle ei moderne og kvalitetsmessig god teneste. Dette er det same oppdraget som alle organisasjonar til ei kvar tid står overfor. Administrasjonen skal gi politikarane gode styringsdata, og dei vil måtte gjere nokre viktige strukturval i tida som kjem.

Eg vil illustere dette med ein tabell som godt viser endringa i tenestebehovet i tida framover. Kjelde er KS-konsulentane som igjen har sine tal frå Statistisk sentralbyrå. Denne viser at vi går inn i ei tid der vi må dreie ressursbruken frå barn og unge til eldre om vi skal greie å halde det totale forbruket på det same samla sett. Så velferdssektoren vil få meir pengar, men rådmann og poltikarar må vere visse på at kvar ei krone gir så mykje effekt som den berre kan. Her som i dei andre einingane. Di meir effektivt vi driv dei kommunale tenestene, di meir pengar vil vi få til utvikling av Hareid-samfunnet. Og dette ynskjer vi også.


Hareid har en noe forskjøvet (ca 5 år senere) forventet «eldrebølge» enn for eksempel Herøy. Det gjør at diagrammet over ser litt mindre «dramatisk» ut (det går jo bare til 2029). Ser man derimot rett over til 2030 så ser det slik ut:

Framtida kjem og vi må møte den mest mulig budde. Dette er prosessen vi er inne i, og skal vi lykkast må alle bidra med det. Vi står i startgropa med å rullere samfunnsdelen i kommuneplanen. Her får alle medverke til korleis de ynskjer at Hareid kommune skal utvikle seg framover. I første omgang på folkemøtet i regi av Vekst i Hareid den 12. september. Eg håper på eit stort engasjement og stor deltaking i vidare utvikling av Hareidsamfunnet, for det er dette det handlar om. Alt heng saman med alt. Og til slutt takk for engasjementet til skrivarane. Det er flott at det vert stilt viktige samfunnsspørsmål. Vi kan ikkje seie ja takk til alt. Å prioritere noko er å seie nei til noko anna. Men med god planlegging og effektiv ressursbruk får ein meir av kvar krone, og det er dit vi vil.