Utgreiing av Romsdalsaksen, eit sjansespel for Hafast!

Anders Riise skriv at flytebruer er langt dyrare enn tunnel. (arkivfoto)  Foto: Anne Gry Eilertsen

Lesarbrev

I Vikebladet 30 august er det ein reportasje med ordførarkandidatane til Frp i Hareid og Ulstein med tilråding om utgreiing av Romsdalsaksen, dette for kanskje å kunne realisere Hafast på eit tidlegare tidspunkt. Etter mitt syn eit stort politisk sjanesspel for Hafast og ferjefri E39. Omkamp på trase/akse og konsept opnar for nye omkampar, også på kryssing av Sulafjorden. Den sjansen er i alle fall ikkje eg villig til å ta, og det bør heller ikkje du som veljar ta. Prinsippet som vart lagt til grunn på ferjefri E39 var å bygge større bu-og arbeidsregionar og knytte desse saman, samstundes som E39 vart ferjefri. Romsdalsaksen er det motsette, her er det kortaste veg Trondheim-Kristiansand som vert lagt til grunn.

– Kan spare 4–6 milliardar

Romsdalsaksen står og i tett samarbeid med Norsk Lastebileigar Forbund (NLF) som i si tid kjempa for Storfjordsambandet i staden for Hafast. Berre dette må få bjellene til å ringe kraftig for veljarane på Søre Sunnmøre og Hafast tilhengjarane! NLF har ikkje på noko tidspunkt flagga støtte til Hafast, tvert om.

Det vert og hevda at ein kan spare 4-6 milliardar med Romsdalsaksen, og at ei utgreiing vil ta 2 år. Dette er meir synsing med tal og ikkje dokumentert på noko vis, tvert om syner nye berekningar på kryssing av Bjørnafjorden på E39 at flytebruer er langt dyrare enn tunnel. På Bjørnafjorden har Statens Vegvesen så langt brukt 10 år og over kr 1 milliard i planleggingsmidlar. Statens vegvesen seier at ei fullstendig utgreiing av Romsdalsaksen vil ta 7,5 år og koste 600-700 mill. Desse pengane og åra må vi heller nytte til å få Hafast inn på NTP og bygge Møreaksen.

Fjordkryssinga av Møreaksen med fire-feltsveg er berekna til 12,9 mrd medan Romsdalsaksen AS meiner dei kan krysse fjorden for kr 15 mrd med 2-felts veg, og då får ein ikkje gjort Midsund og Aukra ferjefri.  Statens Vegvesen vil no leggje fram ei kalkyle for flytebru på Møreaksen for å kunne samanlikne med tunnel. Dette vil vere ein god peikepinn på om flytebru er billigare eller dyrare enn tunnel. Ein må og presisere at det er staten som finansierer E39, ikkje fylket. Om det nokon som trur at om ein sparar kr 4 mrd i eit statleg prosjekt, vil føre til at dei pengane automatisk førast over til andre prosjekt i fylket, tar dessverre feil. Det er ikkje slik statsbudsjettet er skrudd ihop.


Eg er vidare samd i at Hafast er eit av dei mest samfunnsnyttige av prosjekta i Møre og Romsdal  og bakgrunn for det er at det knyt i hop bu- og arbeidsregionar på Søre Sunnmøre mot Ålesund. Samfunnsnytta vart berekna av kapasitetar som Victor Normann og Torgeir Reve, det er då litt underleg at enkelte ynskjer å sjå vekk frå desse berekningane for Møreaksen og vil utgreie noko anna som heilt klart ikkje har desse kvalitetane og synergiane. Som ordførar og tidlegare styremedlem i Hafast har eg vore med på å jobbe fram Hafast i samarbeid med  Møreaksen. Eit samarbeid som er verdt å føre vidare for raskare realisering av begge prosjekta, glir vi vekk frå denne tankegangen skubbar vi våre prosjekt i M&R ut på ei ørkenvandring og indre strid. Ser ein til Rogaland vil ein sjå at ein har stått samla over tid og er no i ferd med å realisere både Ryfast og Rogfast før vi her har fått sett spada i jorda.

Mi oppmoding til veljarane på Søre Sunnmøre er difor å stå fast på det kommunestyra, fylkestinget, regjering og Stortinget sine tidlegare prioriteringar i NTP om realisering av ferjefri E39 med Møreaksen, Hafast og Halsafjordsambandet. Høgre går til val på nasjonalt gjennomslag i staden for regionale omkampar, og vi håpar du som veljar er samd med oss. Godt val 9. sept.


Anders Riise

Fylkesordførarkandidat Høgre