Flagging på offentlege flaggstenger

Lesarbrev

På nettstaden NYE HAREID reiste ein innbyggar nyleg spørsmål om kor vidt det var lov å bruke kommunen si flaggstang på Hareid rådhus til å heise PRIDE-flagget sist helg – i samband med PRIDE-markeringa i Ålesund.

I den påfølgjande diskusjonen (tråden er no sletta) vart den offisielle flagglova sitert.

I denne lova står følgjande:

«På eller fra kommunenes offentlige bygninger og eiendommer, eller eiendommer og bygninger som for den vesentligste del benyttes av kommunale institusjoner, må kun benyttes den i lov av 10. desember 1898 paragraf 1 omhandlende flagg (uten splitt og tunge), det samiske flagget eller av Kongen godkjent by-, herreds- eller fylkesflagg. Dog kan Kongen utferdige bestemmelser om adgang til i særlige tilfeller å benytte et fremmed lands flagg ved siden av det norske. Overtredelse av denne lov eller medvirkning hertil straffes med bøter eller fengsel i inntil 3 måneder.»

Sjølv om enkelte visstnok synest dette er ei «fillesak», så er eg tilhengar av at ein skal følgje dei lover som gjeld. Dersom ein har eit ønskje som lova stenger for, bør ein i så fall arbeide for å endre lova.»

I 1933 kom ein revisjon der det vart gjort eit unntak: Forbodet gjeld ikkje når bygningar med tilhøyrande grunn blir brukt i samband med idretts-, kultur- og liknande arrangement med ålmenn interesse. Det går klart fram av lova at dette gjeld den kommunen slike arrangement blir halde i. Det held ikkje å vise til at det er eit PRIDE-arrangement i Ålesund eller for den del i Tromsø eller det er landskamp på Ullevål.

Den nemnde lovparagrafen er klar på at det er berre det norske flagget, det samiske flagget, kommuneflagget eller det fylkeskommunale flagget som kan heisast. Men med unntak for dei tilfella då der foregår eit idretts- eller kulturarrangement i kommunen.

No er der rett nok ting på gang. Kommunaldepartementet la på tampen av 2016 ut eit høyringsforslag om å mjuke opp lova, slik at det blir opp til kommunen sjølv å bestemme kva flagg som kan hengast opp på kommunale flaggstenger, t.d. regnbogeflagg, fotballflagg, sanitetsforeningsflagg eller «Jesus for verden»-flagg. Høyringsfristen gjekk ut 15/3 2017, og utifrå høyringssvara kan det tyde på at forslaget blir vedteke. Men det er verdt å merke seg at det står på departementet si nettside at saka enno ikkje er ferdigbehandla. Så Hareid formannskap (i fjor) og ordføraren (i år) følgde ikkje lova då dei sa ja til PRIDE-flagging på kommunale flaggstenger.

Den reviderte flagglova frå 1933 gjeld framleis.

Eg registrerer elles at Anders Riise sin partifelle i Halden, høgreordførar han også, seinast i sommar uttalte til avisa Demokraten, at han mislikte endringsforslaget og ikkje såg heilt for seg kva andre flagg som kunne nyttast. Han såg fleire konfliktsituasjonar i tida framover når det gjeld kven som skal få lov og kven som ikkje skal få lov å bruke kommunen sine flaggstenger.

Leiv Arne Grimstad