Høyr på oss!

Lesarbrev

Det har no gått eit halvt år sidan folk på Flø protesterte mot at Flø skulle bli turistfyrtårn. Kommunen har ikkje teke initiativ til noko informasjonsmøte eller andre møter med bygda, sjølv etter sterke oppmodingar om slik dialog.

Dette vitnar om lite respekt for eiga befolkning. Det er for dei fleste viktigare å bli lytta til i saker som opptek dei og påverkar kvardagen deira, enn at det i bygdene kjem ei nyttårsrakett på himmelen nyttårsaftan.

Å verne om aksen Skeide til Flø er vår hjartesak. Neste gang kan det vere ditt nabolag som er truga.

Voner at det komande kommunestyret er meir lydhøre til veljarane.

Aksjonsgruppa nei til Flø som turistfyrtårn og auka trafikk langs Fløvegen