Klar for fire nye år!

Lesarbrev

Sjølv om eg har site i kommunestyret i 20 år har dei siste 4 åra vore ekstra spennande og innhaldsrike.

Det å få vere ordførar i ei utviklingsretta kommune som Ulstein er eit privilegium, som eg har sett stor pris på. Ikkje minst har eg sett pris på alle tilbakemeldingane frå innbyggarane om jobben som kommunen og eg sjølv gjer.

Dei aller fleste har vore positive men det har sjølvsagt også vanka nokre meir kritiske. Begge deler er like viktig og vert teke i mot med takk.

I desse åra har eg hatt gleda av å møte mange dyktige folk både innad i kommunens organisasjon og i samfunnet elles. Spesielt har eg sett stor pris på alle folkemøta som vi har arrangert kvart år i alle krinsane. Folkemøta har vore ein god arena for utveksling av meiningar og idear, og eg har hatt som målsetting at dei som tek seg tid til å møte opp også skal få erfare at det nyttar å ta del i samfunnsdebatten. Dessverre kan ikkje alle få gjennomslag for sitt syn, men vi tek alle innspel like alvorleg.

I tillegg til folkemøta som har samla rundt 120 personar kvart år, har eg møtt representantar for nær sagt alle grupper i samfunnet enten formelt eller uformelt. Eg har hatt tett kontakt med næringslivet og invitert meg sjølv til lunsj i alle kommunens avdelingar fleire gonger. Alle desse ulike møta har gitt meg svært god innsikt i kva slags utfordringar og moglegheiter som lokalsamfunnet vårt har.

Eg har også gjennom desse åra knytt gode relasjonar til andre utanfor eiga kommune, både premissleverandørar og viktige samarbeidspartnarar. Dette er relasjonar som har teke tid å bygge opp, men som er viktige for kommunen.

Mi sterkaste side er at eg evnar å løfte blikket og sjå dei store linjene framfor å henge meg opp i detaljar. Ulstein treng politikarar som ser behovet for samanheng mellom tenestene, og som forstår dei store utviklingstrekka som samfunnet beveger seg i retning av.

I ryggen har eg med meg ein motivert gjeng som står på lista til Framstegspartiet. Desse er ei god blanding av erfarne folkevalde som kjenner historikken, og nye kandidatar som har den fordelen at dei ser på ting med nye auge.

Ulstein Frp går til val på at «Vi skal vere til å stole på». I det ligg det at vi ikkje skal love meir enn det vi trur vi kan halde, og at vi skal vere ærlege sjølv om det ikkje er det folk vil høyre. Vi har eit godt program og er motiverte for å gjere ein best mogleg jobb for lokalsamfunnet vårt.

Eg vil halde fram med å vere ein ordførar for alle, også dei som ikkje er samd med meg. Dersom du meiner at vi har gjort ein god jobb, og at eg bør halde fram som ordførar så er det ein ting som gjeld, då må du gje Framstegspartiet di stemme den 9. september. Godt val!


Knut Erik Engh, ordførar, Frp