Landbasert vindkraft er ikkje løysinga for vår region

Lesarbrev

Landbasert vindkraft handlar om vår natur og våre nære friluftsområde, difor er det flott folk på lokalplanet engasjerer seg i denne debatten.
Med dei gobale klimautfordringane vi har, er det viktig å ha kloke og langsiktige planar for korleis ein skal sikre nødvendig energi for framtida, og vindkraft er truleg ein av fleire grøne og fornybare resursar for komande generasjonar.

Men Ulstein Krf seier NEI til utbygging av  landbasert vindkraft i vår region. Det betyr ikkje at vi er imot å i større grad ta i bruk ny og grøn teknologi, men vi tenker at landbasert vindkraft gir eit lite energibidrag i forhold til dei store inngrepa det vil kreve i våre natur og friluftsområde. Difor må vi heller få vurdert og vidareutvikle andre grøne alternativ.

Det blir hevda at havvind gir meir stabil kraftproduksjon, men at det er behov for forskning og vidareutvikling for å optimalisere dagens teknologi for vindproduksjon til havs.

Både i Norge og ikkje minst i vår region har vi bedrifter med høg kompetanse på teknologi og leveranser til båtar og maritime installasjonar i oljesektoren.

Denne næringa er no i ei viktig omstillingsfase. Vår statsminister har invitert til dialog med norsk næringsliv for å sikre at Norge blir med i forskning og utvikling av grøn energi frå havvind, og det er nyleg gitt statleg Enova støttemidler til dette. Her ligg det mulegheiter for store ringverknader med arbeidsplassar for den maritime industri og servicenæring i Norge. På denne måten kan Norge og vår region bidra med teknologi og utstyr som vi også kan eksportere for installasjon i utlandet.

Eit lokalt eksempel er Ulstein Verft som har levert fleire skip til nettopp installasjon og service på installasjonar for vindkraft frå Havvind.

Sjøvegen ligg klar for transport av utstyr og service, og vi treng ikkje bygge ned våre nære fjell og friluftsområde med breide anleggsvegar for å få på plass vindmøller på land med kraftlinjer til Europa.

Forskning og utvikling på andre grøne energikilder blir også viktig framover mhp. dei gobale klimautfordringane. Nemner for eksempel hydrogen, solseller, og optimalisering av vår vasskraftproduksjon. Her ligg også eit potensiale til meir grøn energi. I vår kommune er eit firma som utviklar og leverer anlegg for omdanning av biomasse til energi. Dei har levert utstyr til eit pilotanlegg for behandling av biomasseavfall og produksjon av biogass/ biohydrogen. Pilotanlegget står i Drammen og er planlagt for 10.000 tonn matavfall i året. 
Ei utstrakt utbygging av landbasert vindkraft med kapital frå utanlandske investorar vil også kunne sette kjeppar i hjula for turisme som er eit viktig næringsgrunnlag for lokale aktørar i distriktnorge. Nei landbasert vindkraft er ikkje løysinga for vår region.

Steinar Torvik, 1. kandidat Ulstein Krf.