Med Hareid Høgre inn i framtida

Lesarbrev

Ein lang og god valkamp er snart slutt. Eg har lært masse, blitt kjent med masse kjekke bygdefolk etter å ha banka på hundrevis av dører, og fått mange gode tilbakemeldingar om kva som er bra og kva som bør endrast i Hareid.

Tippoldefaren min Ole J. Teigene var gründer av rang og starta opp Guanomølla (Mylna) og det første vassverket i Hareid. Han var i tillegg ordførar for Ulstein og Hareid i tre periodar og levande opptatt av å skape aktivitet i bygda. Gründerar som Ole og anna næringsliv dannar grunnlaget for vidare vekst i Hareid og det er vår jobb som politikarar å legge til rette for dei som vil satse.

Det å auke folketalet i Hareid er heilt sentralt for å sikre vekst og gjere kommunen meir attraktiv for næringslivet. For å få til dette må vi ha ledige og attraktive tomter i alle krinsar. Og apropos krinsar – vi treng aktive og sterke krinsar i Hareid – men vi treng også eit sterkt og aktivt Hareid sentrum som støttar oppunder krinsane. Eit hovudfokus som ordførar vil vere å jobbe knallhardt for få på plass byggeklare tomter i alle krinsar innan kort tid – vi har ikkje tid til å vente lenger.

Om du vel å gi røysta di til Hareid Høgre er du med på å sikre eit tett og nært samarbeid med næringslivet i Hareid. Vi skal vere framoverlent og frampå – og legge til rette for eit framtidsretta næringsliv. Potensialet er stort og eg har trua på at både turisme og havbruk kan vere vekstnæringar framover.

Sjølv om eg fokuserer på å legge til rette for folkevekst og nye arbeidsplassar betyr ikkje det at dei kommunale tenestene er gløymt. Tvert i mot er vekst ei føresetnad for høg kvalitet på desse tenestene i framtida. Vi skal alltid prioritere ein verdig og god eldreomsorg i Hareid. Vi er spesielt opptatt av at dei eldre skal få ein god og aktiv kvardag – gjerne ved hjelp av frivillige lag og organisasjonar. Vi som politikarar skal heller aldri gløyme at brukarane alltid er i fokus – det er vi som er til for dei – ikkje omvendt!

Gode oppvekstvilkår for borna våre vil også alltid vere særs viktig for oss i Høgre. Eit godt barnehagetilbod, tidleg innsats i skulen, kompetente lærarar og eit variert fritidstilbod gjennom kulturskule og frivillige lag og organisasjonar er berebjelkar for ein god oppvekst.

Vi er opptatt av å forebygge heller enn å reparere, difor vil vi styrke helsestasjonen og skulehelsetjenesta. Vi vil ha helsesjukepleiar tilstades for elevane kvar dag slik at problem kan avdekkast og takast tak i tidlig, dette er ei investering for framtida som betaler seg sjølv på kort tid.

Mange er opptatt av eigedomsskatten. Eg meiner eigedomsskatt er ein usosial og urettferdig skatt som rammar mest dei som har det vanskeligst frå før. Eg innser at den ikkje kan fjernast over natta, men vi i Hareid Høgre vil arbeide for å redusere eigedomsskatten, og på sikt fjerne den.

Til slutt vil eg trekke fram kor viktig eg synest det er at vi som bur i Hareid framsnakkar kommunen vår.  Vi har masse å vere stolt av – vi er ei kulturbygd det knapt finst maken til og vi har ei kystlinje som er attraktiv for den maritime klynga. Framover skal vi bli enda betre – vi skal sikre ein god og trygg eldreomsorg og kvalitet i skulen – og samtidig ha fokus på å legge til rette for vidare vekst.

Ynskjer alle eit godt val 9. september.


Audun Ulstein, ordførarkandidat Hareid Høgre