Stem Folkelista!

Lesarbrev

Valkampen går mot slutten. Dominerande i media har stort sett vore nasjonale saker diskutert av stortingspolitikarar. Mange meiner at dette har lite med kommunevalet å gjere.

For innbyggjarane i Hareid sin del trur vi det er viktigare til dømes kva tenestetilbod ein kan forvente i framtida på heimstaden sin, enn kva bompengeutgifter ein har i Bergen, eller korleis sentrale politikarar har tent kronene sine.

Som ein del av posisjonen i kommunestyret, har vi vore den fremste garantisten både for at Hareid skal halde fram som eigen kommune, og for at vi skal behalde skulane våre. Det skal vi også vere i framtida.

I tillegg har Folkelista gjennom dei siste periodane vore sterkt delaktig i den økonomiske styringa av kommunen og slik vore med på å betre kommuneøkonomien. Vi er ikkje i mål, so dette arbeidet må halde fram. Å røyste på Folkelista er soleis eit trygt økonomisk val.

Vi vonar de som innbyggjarar i kommunen vår set pris på det.

Godt val!


Folkelista for Hareid kommune, Bernt Brandal, 1.plass og ordførarkandidat