Sviktande framdrift

Lesarbrev

Kommuneleiinga i Hareid  - med ordføraren i spissen - har på viktige og avgjerdande område ikkje levert det som skal til for å skape vekst og utvikling i kommunen. Skal Hareid ha ei framtid som eigen kommune, må det leggast til rette for at fok får bygge og bu her, og næringslivet utvikle seg. Stagnasjon i folketalsutviklinga og i næringslivet vil føre til endå dårlegare kommuneøkonomi, reduksjon i kommunale tenester og auka behov for eigedomsskatt.

Kommuneplanen sin arealdel og reguleringsplanar er viktige og avgjerande styringsreiskap i arbeidet med å planlegge og legge til rette areal til utbyggingsføremål.

Tidleg i valperioden bestemte kommunestyret, gjennom eige strategidokument, at arealdelen i kommuneplanen skulle rullerast i 2016/2017. No på tampen av valperioden, er situasjonen den at planen ikkje er rullert og oppdatert, slik kommunestyret la opp til. Formannskapet er det politiske fagorganet på arealsaker, og dermed det ansvarlege styringsorganet for sviktande framdrift i planarbeidet.

Gjennom mange år, heilt sidan siste halvdel av 1990-talet, har kommunen arbeidd med å få på plass byggefelt på Holstad. Reguleringsplanen vart godkjend i 2014. Før valet 9. september, har eg delteke i ei par politiske debattar,  der det har vore ein tverrpolitisk gjennomgangsmelodi at det er for dårleg at Holstadfeltet ikkje har kome på plass. Det vert teke sikte på at opparbeidinga skal utførast i kommunal regi. Etter det eg forstår, er det frå kommunleiinga si side ikkje fastsett nokon konkret framdriftsplan for kva tid opparbeidinga skal ta til, og det er langt på veg eit ope spørsmål om reguleringsplanen i det heile teke vert realisert i rimeleg nær framtid.  

Hareid KrF meiner at arbeidet med å planlegge og legge til rette utbyggingsareal, og då spesielt til bustadføremål, må få høgare prioritet i kommunen.

Hallvard Sæverud, 1. kandidat vallista for Hareid KrF ved kommunevalet 2019