Winter is coming

Lesarbrev

Dette er ikkje eit politisk korrekt innlegg. Dette er eit på-grensa-til-rasande-innlegg frå pårørande. Det skal kuttast i Sektor for Velferd med heile 10 mill i år (og det er ikkje mykje igjen av året!!) og 10 mill i 2020, altså 20 mill på 16 mnd.

Etter å ha vore svært tilstades på Hareid sjukeheim i godt over 2 år lurer vi som pårørande kvar det skal sparast inn. Færre ansatte på vakt? Mindre mat? Ufaglærte istadenfor faglærte? Kutte straumen? Reduksjon i vaskepersonell? Kutt i administrasjonstilsette? Legge ned avdelingar???

Dei som bur på sjukeheimen idag er ikkje berre eldre som treng hjelp med sine daglege gjeremål, her er menneske som har svært alvorlege sjukdomar som treng tid og ressursar utover mat, medisin, legging osv. For å kunne gi dette på ein god måte må det vere NOK personale på vakt og personale må vere FAGLÆRTE.

Vi høyrer rykte om politikarar som seier at det trengs ikkje utdanning for å tørke ei ræv. Vi høyrer rykte om at ufaglærte is the new black. Hadde vi satt ufaglærte til å produsere båtar på verfta? Hadde vi satt ufaglærte til å føre ferga over fjorden? Hadde vi kunne tenkt oss å gått til ein ufaglært på eit legekontor eller sjukehus? Kva er eit menneske verdt? Kva system ivaretek sjukeheimsbeboaren?

Valgflesket er klart: vi vil ha masse utvikling og masse nytt - samtidig som det ikkje skal gå ut over tenestene i kommuna. Dette går aldri opp.

Kven tør å stå opp for dei eldre? Kven vil gå djupt ned i materien og sjå til at dei eldre i kommuna vår blir tatt vare på? Det er tydeligvis ikkje administrasjonen i Hareid kommune som vil ta på seg det, så då må det bli dei folkevalgte då? Kven tør?

Eller er det dei pårørande som skal bruke stemma si? (Det vil kome eit nytt innlegg om det).

Alle som har hatt eller har sine på sjukeheim veit kva vi snakkar om. Alle dokke som ikkje har opplevd dette - winter is coming!! Eldrebølga let ikkje seg stoppe, den er ikkje avlyst. Foreldra dine blir eldre. Du blir eldre.

Vi har allereie utvikla alderdomsangst. Og den blir absolutt verre når vi les innlegget fra dei tillitsvalgte på Hareid Sjukeheim i Vikebladet Vestposten idag. Vi støttar dokke 1000%!!!

Toril Overå og Synnøve Overå Hide