Behov for eit nytt parti?

Lesarbrev

Det er mange som meiner at det er behov for eit nytt parti,- mot eigedomskatten.

Som eg nettopp har skrive er det sjølvsagt for seint å starte eit nytt parti til dette vale no,- eit tilsvarande protestparti som Mot bompengar.

Men kanskje er Venstre i Ulstein eit godt alternativ til valet no, sidan dei har klare mål om å få fortgong i avviklinga av den usosiale eigedomskatten, og det innan kort og avgrensa tid. Sjølvsagt må ein ikkje stemme Venstre til stortingsvalet om 2 år, om ein i protest stemmer Venstre lokalt i år.

No er det politikken som er ført, og som vi kan vente vert ført lokalt det gjeld. Og eg høyrer at det er fleire som vurderer å stemme Venstre i rein og skjær protest mot den politikken som har vore førd i Ulstein kommune.

Så er også spørsmålet om det er så nødvendig i det heile å fortsette med eigedomskatten?

Vi fekk ei god utgreiing  frå Venstre i Vikebladet den 3.september, på debattsida. Les gjerne det innlegget ein gong til. Der var informasjon som lesarane vanlegvis ikkje får.

Men Venstre kjem ikkje i mål med å avhende den usosiale eigedomskatten utan å få med seg nok stemmer og støtte frå dei mest positive, mest truverdige partia som er mest aktive for å få vekk den usosiale eigedomskatten.

Om du nyttar ei anna liste enn Venstre , eller andre si liste, så kan du ta med slengarar frå andre parti,- inntil 6 namn som du veit vil føre den beste politikken på vegne av oss veljarane.

Eg har før nemnd gode alternative parti og enkeltrepresentantar.

For all del, same kor frustrert og lei deg du er som veljar,- det er no vi veljarane har ei viss makt  og kan gjere ein påverknad for kva politikk som skal førast dei neste 4 åra.

Slik sett er det viktigare enn nokon gong at vi alle brukar vår demokratiske rett ved å gi vår stemme i valet.

Godt val!

Agnar Dag Ulstein, Ulsteinvik