Kva no då, Ulstein?

- Vi skal fylgje med når det nye kommunestyret skal få på plass budsjettet utpå hausten. Og viss Høgre og Frp har vilje nok, og er til å stole på, så må veljarane alt i budsjettet i haust få sjå eit skikkeleg botnfrådrag, på minst ein million, meiner Agnar Dag Ulstein.  Foto: Erik K. Heimdal

Kanskje var ambisjonane til Venstre litt for store til å virke realistiske for veljarane?

Lesarbrev

Ja, no har demokratiet fungert.

Veljarane har fått brukt innflytelsen sin ved å stemme på dei ulike politiske partia og enkelt-politikarar,- og det dei har presentert at dei stod for, som potensielle representantar til det nye kommunestyret.

Så spørst det om dei har varig vilje og stå på evne til å gjere alt dei kan for at den politikken dei har lova og presentert verkeleg vert gjennomførd i praksis.

Kva skal vi kunne vente oss frå Frp og Høgre, no når dei har fått tillit som ordførar og varaordførar?

Frp uttrykker det slik i programmet sitt:

- Sørge for god økonomistyring i kommunen.

- Trappe ned eigedomskatten, og etter kvart fjerne den.

- Halde igjen veksten av kommunale avgifter og brukarbetalingar.

Min kommentar:  God sentral Frp politikk. Så får vi håpe vi får sjå det gjennomførd også i Ulstein.

Høgre uttrykker det slik i programmet sitt med utheva skrift:

«Ulstein Høgre vil arbeide for at eigedomskatten vert fjerna innan 2023»

Skal dei klare å gjennomføre slike klare målsettingar, må dei ikkje berre ha nok vilje til det sjølve, men må ha med seg enten Krf eller Venstre. Og det må vi kunne rekne med skal gå  greitt. I alle fall å få med Venstre som hadde dei største ambisjonane når det gjeld å få bort eigedomskatten.

Kanskje var ambisjonane til Venstre litt for store til å virke realistiske for veljarane, og kanskje lid Venstre også litt av det partiet opplever, når det gjeld dei sentrale venstrepolitikarane sin «gjeren og laden»,- som det vert sagt.

Men for oss veljarane må vi kunne tru og forvente at Høgre og Frp får den nødvendige støtta dei treng frå Venstre når det gjeld å avvikle eigedomskatten.

Vi skal fylgje med når det nye kommunestyret skal få på plass budsjettet utpå hausten. Og viss Høgre og Frp har vilje nok, og er til å stole på, så må veljarane alt i budsjettet i haust få sjå eit skikkeleg botnfrådrag, på minst ein million. Viss ikkje, så er det vanskeleg å tru på at Høgre skal nå målet om avvikling innan 2023.

Det er klart at eg har forventningar til ordførar og varaordførar. Viss ikkje så hadde eg ikkje ført dei opp som slengarar på lista mi,- og slik gitt dei mi stemme.

Det vart meir og meir klart for meg, før valet, at det var stigande tillit til Engh, av fylgjande grunnar:

1. Han var klart tilbakehalden på å maksimere gjelda til kommunen før vedtaket om Arena vart gjort.

2. Han har vore roleg og sindig, og tolt kritikk og ubehagelege spørsmål. Han har leie kommunestyret på ein god måte.

3. Han har jobba bra med å få ein best mogleg kontroll med kommunen sin økonomi.

4. Han har vore tilgjengeleg meir enn forventa når eg på egne, eller andre sine vegner har hatt vanskelege spørsmål å stille han.

5. Han tolde faktisk å høyre utsegna om at partiet vart kalla Familiepartiet. Då sa han berre: «Det må vi gjere noko med».

Kort sagt dagane før valet opplevde eg at fleire og fleire argumenterte og peika på at han måtte forsette som ordførar. Og slik vart det.

No er det berre å håpe og tru at han evnar å få med seg andre parti, slik at Frp og Høgre sin politikk vert gjennomførd innan 4 års perioden.

Ikkje skuff oss!

Agnar Dag Ulstein, Ulsteinvik