Bør vi vere bekymra?

  Foto: Illustrasjonsfoto Leiv Arne Grimstad

Lesarbrev

Arbeidsløysa i Hareid, Ulstein og Herøy er høgare enn i landet elles. Dette får vi stadfesta med dei siste tala i frå NAV. Landsgjennomsnittet er på 2,2 % . For både Ulstein, Hareid og Herøy er arbeidsløysa på 3 % eller meir. Den utgjer i dag 406 personar som er heilt ledige.

Opp i dette er eg bekymra for utsikten til næringslivet og dei største bedriftene på Ytre Søre. Bedrifter må over tid gå med overskot slik at dei kan auke eigenkapitalen, gjere nye investeringar for å oppretthalde arbeidsplassar og syte for at det offentlege og då særskilt kommunane kan få skatteinntekter.

Det viser seg at Ulstein Group har gått med underskot kvart av dei fire siste åra. I perioden 2015-2018 har dei hatt eit samla underskot på 1,335 milliardar kr! I tillegg har Kleven tapt pengar tre år på rad. Eit samla underskot på omlag 850 millionar dei siste tre åra. Og fredag vart det klart at 100 tilsette mister arbeidet ved bedrifta. Tidlegare Roll Royce Marine, som no ein del av Kongsberg Gruppen har også slite med svake tal etter oljeprisnedgangen og dei har tapt pengar i Norge kvart år sidan 2013, og i 2018 var underskotet på nær 900 millionar kroner. Og dei har alt redusert talet på tilsette. Eg fryktar at både Ulstein og Kleven vil gå med underskot også i 2019. I tillegg er det andre store lokale bedrifter som har hatt underskot i 2018.

Det er viktig at lokale bedrifter tek samfunnsansvar, tek vare på kompetent arbeidskraft og held produksjonen i gong, sjølv om ein ikkje tener pengar, men over tid må alle bedrifter ha overskot. All verdiskaping byggjer på at det vert produsert vare og tenester både i det private og det offentlege og at verksemder over tid går med overskot.

Situasjonen for den maritime næringa er at det no berre er tre offshore serviceskip under bygging for norske reiarar, mot 63 sommaren 2014. Omstillingsprosessen i næringa etter nedgangen i oljeprisen i 2014 har tatt lang tid, og det store spørsmålet er om vi no er over kneika ? Faktum er at vi har eit nokså einsidig næringsliv på Ytre Søre både på godt og vondt. Og vi har kome oss gjennom nedgangskonjunkturar før. Men er det annleis no ?

Nokre av bedriftene har levert flotte fartøy og motteke prisar for skipa som er levert, men det ser ut til at dei har kosta meir å byggje desse fartøya enn det ein har fått selt dei for. Prosjekta har blitt meir kompliserte og dyrare å gjennomføre enn ein hadde rekna med.

Vi får berre håpe at bedriftene framleis «har nok kapital å tære på», og at omstillingsprosessen er i ferd med å ta slutt. Men det viktigaste for oss alle, er at dei dei kan gå med overskot i åra som kjem.

Dersom desse bedriftene må reduser arbeidsstokken eller avvikle vil det få store konsekvensar for store og små underleverandørar og for kommuneøkonomien. Er kommunepolitikarane budde på nedskjeringar og kraftige prioriteringar på utgiftssida ?

I valkampen var det få som peika på at det kan bli tøffare tider. Enn så lenge er heldigvis renta relativt låg, og det har fram til no berga mange kommunar med høg lånegjeld.

Mange er optimistiske for kva kommunane kan få til framover. I valkampen har det vore viktig å få fram kva ein skal satse på, det vil seie kva ein skal bruke pengar på. Men husk at den samla gjelda til kommunane har auka kraftig dei siste åra. Ved utgangen av år 2000 hadde norske kommunar ei gjeld på 150 milliardar kroner, i 2017 var den samla gjelda på 600 milliardar. Og dette i ein periode der skatteinntektene til kommunane har auka frå 224 milliardar til 531 milliardar. Berre i år får kommunane 5 milliardar meir i skatteinntekter enn venta. Kvifor då ikkje spare, effektivisere og ha evne til å prioritere sterkare kva investeringar som må gjerast framfor å låne og måtte betale renter i lang tid ? Auka investeringar gir også framtidig auke utgifter til drift og vedlikehald.

Ulstein kommune har til dømes over 1,6 milliardar i gjeld, eller over 160 000 kr per innbyggjar, og i ei økonomianalyse frå 2017 utført av Agenda Kaupang AS seier dei at dei finansielle nøkkeltala til Ulstein er svært svake. Netto driftsresultat var på 0,8% av driftsinntektene i 2018, disposisjonsfondet var på 6,1 % av driftsinntektene og netto lånegjeld på 200 %. Sunn kommuneøkonomi tilseier overskot på minst 2%, reservar på 10% og netto lånegjeld på maksimalt 50%. I netto lånegjeld ligg Ulstein heilt i toppen blant kommunane i Norge. 1% auke i renta vil bety omlag 16 millionar i auka renteutgifter sjølv om ein del er fastrenteavtalar. Men også dei må fornyast. Trur vi til dømes at det er mogleg å ta bort eigedomsskatten, slik mange går inn for ? Personleg trur eg dessverre at ein heller må jobbe hardt for å unngå at den aukar, enn at den vert tatt heilt bort.

Vi får håpe at vi ikkje har grunn til å vere så bekymra. At renta vil vere lav lenge, og det ikkje vert ei større auka i arbeidsløysa. Det er i alle fall viktigare enn nokon gong at det vert skapt nye arbeidsplassar i små og mellomstore bedrifter som erstatning for dei som går tapt. At vi kan vere med i kampen om nye offentlege arbeidsplassar. Og gjerne at dei nye arbeidsplassane kjem andre stadar enn berre i dei maritime næringane. Slik vi får endå fleire bein å stå på. Uansett kan det bli tøffare tider enn dei fleste av oss likar i tida framover. Og det trur eg ikkje alle har teke innover seg.


Einar Magne Skeide