- Politisk ukultur?

Styrehonorar er tema i dette lesarinnlegget frå Dag Snipsøyr.

Dag Snipsøyr  Foto: Arkivfoto

Lesarbrev

Skrive av Dag Snipsøyr,  Hareid

På det siste kommunestyremøtet i Hareid kom Folkelista med framlegg om at styrehonorara til dei politikarane som vert innvalde som kommunale representantar i selskap som t.d. Tussa, skal betalast inn til kommunen. Representantane skulle så få godtgjersle etter kommunen sine satsar.

Det er ei kjend sak at slike styreverv er svært godt betalte og ettertrakta av mange politikarar. Dei kan også bli brukte i ulike bytehandlar partia imellom, hevda Bernt Brandal.

Eg forstår godt at folk som skal «leve av politikken» traktar etter slike verv. I debatten som følgde vart det ifylgje referatet i Vv nemnt at det var viktig med rett kompetanse, og at det rettferdiggjorde dei høge honorara.



Dette er ein noko tvilsam argumentasjon. I dei aller fleste tilfella er dei som har slike verv stort sett «sandpåsrøarar» og får fleire titals tusen kroner nesten rett opp i handa.

Det vert ofte snakka om politikarforakt. Slik eg ser det er desse ordningane med på å forsterke dette. Ein skal ikkje vente at folk flest godtek noko som nærmast er imot sunn fornuft.

Folkelista fekk dessverre berre med seg Arbeiderpartiet på forslaget sitt, og framlegget fall. Eg vil gje dei to partia honnør for at dei prøvde å gjere noko med ei bortimot umoralsk ordning, som diverre vert praktisert av dei fleste kommunane.