- Treng vi ny kyrkje?

- Treng vi ei ny kyrkje i Ulsteinvik med fallande medlemstal?, spør Frode Myklebust i dette lesarbrevet.

  Foto: Arkivfoto: Linda Eikrem

Lesarbrev

«Kyrkjelyden veks i takt med befolkningsveksten»? skriv soknerådet og «det er stor oppslutnad om dåp, konfirmasjon og vigsle»?

Ja dette står i pressemeldinga frå Ulstein sokneråd.

Kanskje det er noko som dei seier for og overtyde oss andre som ikkje går i kyrkje at behovet er aukande. Dette er vel og ta noko hardt i.

Når ein ser på statistikken frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser det noko anna.

Ifølge SSB aukar innbyggartalet i Ulsteinvik med ca. 2,1 %, frå 8430 i 2015 til 8609 i 2018, medan medlemmar i Ulstein kyrkje er på -0,9% (77,8 % i 2015, 76,9 % i 2018). Dette er gjennomgåande i Ulstein kyrkje at tala viser tilbakegang.

Ulstein sokneråd skriv vidare, «Det er stor oppslutnad om dåp, konfirmasjon, vigsle og gudsteneste", dette er og noko som ikkje stemmer.

Vi kan fortsette med andre tal for Ulstein kyrkje. Dåp frå 2015 til 2018 -12,3%, konfirmerte frå 2015 til 2018 -2,3%.

Når det gjeld tal for vigsle finn eg bere tal for heile Norge, der det viser at det i 2018 var der 8063 som blei vigsla borgarleg og 7630 i Den Norske kyrkja, den borgarlege vigselen hadde ei auke med 200 par, samstundes som der var tilbakegang i den norske kyrkja med 500 par.

Vigsle i Den Norske kyrkja har gått gjevnt nedover sida år 2000 og fram til i dag, medan at borgarleg vigsle har økt i same tidsrom viser statistikken. I 2018 var det 433 fleire par som gifta seg borgarleg i forhold til DNK.

Det er samstundes og tilbakegang på 6218 medlemmer i Møre Bispedøme, -2,85% frå 2015 til 2018.

Treng vi å bruke 105 millionar på ei ny kyrkje når alle tala peikar nedover i Den Norske kyrkja, og då er der vel ikkje tatt med ev. budsjettsprekk sjølv om dei har lagt inn ein usikkerheitsmargin på 15 % i budsjettet.

Vi har vel litt i minne Ulstein Arena? Kanskje vi klarer og å komme oss inn på Robek lista med at vi bygger ei ny kyrkje?

Eg trur at vi hadde fått oss ein betre barneskule og brannstasjon for desse pengane som Ulstein kommune må bruke på ei ny kyrkje. Kanskje kyrkja kan bruke litt av dei innsamla pengane til måling og vedlikehald på kyrkja, det er ca. 10 år sidan det vart gjort noko skikkeleg vedlikehaldsarbeid på kyrkja utan spiret der klokka går i død og pine. (Trur det er berre på vestsida klokka går rett). Kanskje dei har mista interessa for den gamle kykja.

Til slutt, Då eg gjekk barneskule lærte vi at vi ikkje skulle lyge. Stemmer desse tala frå SSB som eg trur, så må eventuelt soknerådet tenke over kva dei har skrive i pressemeldinga. «Veks i takt med befolkningsveksten og stor oppslutnad, hmm …….»

Frode Myklebust