Ei kyrkje for framtida

Lesarbrev

Frode Myklebust reiser i sitt innlegg spørsmålet om «Treng vi ei ny kyrkje i Ulsteinvik med fallande medlemstal?»


 

Ulstein sokn fører statistikk og er rapporteringspliktig til Statistisk Sentralbyrå. Medlemstal i Ulstein sokn har vore slik dei siste årene: 6521 (2014); 6558 (2015); 6523 (2016), 6588 (2017); 6622 (2018). Dette er ei auke på 101 medlemar frå 2015 til 2018. Sjølv om andelen kyrkjemedlemane av folketal har gått ned dei siste åra, har Ulstein kyrkje framleis ein medlemsvekst som står i samanheng med veksten i folketal.

Tala sin klare tale vitnar om ei sterk auke i bruk av kyrkja med tanke på kyrkjelege handlingar. Antal vigsler i Ulstein kyrkje har vore slik dei siste åra: 6 (2014; 12 (2015); 12 (2016); 14 (2017); 15 (2018).Talet på dåpshandlingar og konfirmasjonshandlingar i kyrkja heng samanheng med tal på born som blir fødde, eller antal born som er i årskullet. Dette varierer frå år til år. Skal ein sjå på oppslutninga må ein ta utgangspunkt i storleiken på årskulla eller medlemstal. Då viser statistikken følgjande bilde. Andelen døypte born av talet på fødde born: 75% (2014); 79% (2015); 81,7%(2016); 67,9% (2017); 68%(2018). Andelen av døypte 15åringar som vel konfirmasjon i kyrkja har vore slik: 100,9% (2015); 95,8% (2016); 91,1% (2017; 93% (2018).

Ulstein er eit fleirkulturelt og livssynsope samfunn. Ein artikkel frå Vikebladet i 20.12. 2018 viser at 685 personar er medlem i andre trussamfunn enn Den norske kyrkja sine 6622 medlemar. Livssynssamfunna som har meir enn 10 medlemmer er: 50 humanetikarar, 11 buddhistar, 50 muslimar, 104 pinsevener, 28 Ulsteinvik Bibelsenteret, 28 i Frikyrkja, 32 Ortodokse kristne og 238 er medlem i katolsk kyrkja (som har gudstenester hjå oss). Trendar i tida er at mange vel å ikkje vere medlem nokon stad, og ikkje alle born er registrerte medlemmer. Tala sin tale er tydeleg, og samstundes ønsker majoritetskyrkja at alle får ha gudshus og praktisere sitt livssyn. Alle som vil nytte kyrkja med hennar liturgiar og bemanning får lov til det, men ikkje- medlemmar må betale eit økonomisk vederlag. Vi gravlegg td. ofte ikkje- medlemmar.

Kyrkja vår er noko meir enn eit medlemshus eller klubbhus. Det er heile bygda sitt hus som kulturbygg, livsriterom og stad for tilbeding gjennom generasjonar. Rapportering viser at 1000 menneske brukar kyrkja kvar veke. Vi ønsker å bygge ny kyrkje ikkje minst for å ta vare på den gamle som no sprekk og forfell av for hard bruk. Ho er ikkje laga for så mykje folk, så mange aktivitetar og kyrkjelege handlingar med hyppig oppvarming. Vi skal bygge kyrkje for å huse notidas aktivitet og møte krav om universell utforming som vi i dag ikkje innfrir, eit aukande folketal og arbeidsmetodar for moderne kyrkjelydsarbeid. Vi bygger kyrkje for alle som trur og ikkje trur, og alle som treng å finne gjenklang i det vakre i eit heilagt rom på ein konsert. Vi bygger kyrkje fordi vi er ein stad der store draumar får lov å leve! Vi er stolte av å ha idrettsfasilitetar som ein middels europeisk by på eit forsvinnande lite folketal. Vi er stolte av å bygge båtar, skape arbeidsplassar, fellesskap og samfunnsutvikling i bygdebyen vår på ei øy langt ute ved kysten i krevjande tider. Vi er stolte av å arbeide med finansiering av kyrkjebygg saman med mange andre viktige prosjekt fellesskapen ønsker som lokalsamfunn i komande år. La oss vere stolte av mangfaldet og ikkje snakke kvarandre ned. Fordi det er her vi bygger og bur, og vi trur vi kan få det til! Og vi trur kyrkja også er viktig i eit livsynsope og fleirkulturelt lokalsamfunn.

Margit Lovise Holte, sokneprest

Annelise Kleven Godø, soknerådsleiar

Christfried Kaul, kyrkjeverje