Petterbakken, ein skatt i sentrum

Bygdetun Petterbakken er lagt ut for sal, eit høve historielaget meiner Ulstein kommune ikkje bør la gå ifrå seg. Måleri av Jonna Vik. 

Lesarbrev

Eg har fått mange positive reaksjonar etter intervjuet lokalavisa hadde med meg som leiar av Ulstein Historielag om Petterbakken. Petterbakken er no lagt ut for sal, og i intervjuet gjekk eg inn for at Petterbakken bør bli bygdetun i Ulstein, og at kommunen bør kjøpe eigedommen.


 

Dette er ikkje nokon ny ide. Både Vikemyra velforeining og Ulstein Historielag har arbeidd for dette i mange år. Velforeininga, historielaget, Ulstein kommune og Romsdalsmuseet fekk for nokre år sidan gjennomført eit prosjekt der ein dokumenterte tilstanden til bygningane på Petterbakken. I løa, som er eit klassisk grindbygg, vart tømmeret ved hjelp av C14-datering, datert tilbake til 1504. Borgstova er frå 1600-talet, og den er bygt i det ein kallar mellomalderlaft. Våningshuset er også svært gammalt. Mest truleg er bygningane på Petterbakken dei eldste i Ulstein kommune.

Løa på Petterbakken, som er i kommunen sitt eige, er full av historiske gjenstandar som Ulstein Historielag har samla inn. Her er mykje både landbruksreiskap og fiskereiskap. Vik-familien har også over lang tid samla gjenstandar med kulturhistorisk verdi.

Både Ulstein Historielag og Jon Vik har ved fleire høve diskutert eit kjøp av Petterbakken med Ulstein kommune ved kultursjefen. Kultursjef Leif Ringstad er positiv til eit slikt prosjekt, men har ikkje fått gjennomslag i budsjettsamanheng. Taksten på Petterbakken er 1,2 million kroner. Kostnaden på Ulstein Arena vart 317 million kroner. Altso utgjer eit kjøp av Petterbakken berre 0,3 % av kostnaden med Ulstein Arena, og dette burde Ulstein kommune ha råd til.

Petterbakken ligg svært nær grunnskulane i Ulstein, og eit bygdetun her ville vere midt i blinken når det gjeld undervisning i lokalhistorie og lokal kultur. Ulstein kommune har no sjansen til å kjøpe Petterbakken, men på sikt bør bygdetunet bli ei ideell stifting med eit eige styre. Då kan ein også søkje eksterne midlar til finansiering og drift frå bankar og institusjonar som t.d. Fortidsminneforeninga.

Ulstein eigedomsselskap kunne inntil vidare drifte Petterbakken. Våningshuset er i god stand, og ved utleige vil ein lett dekke rentekostnaden for eit lån på 1,2 million kroner. Det som er viktig no er at Ulstein kommune handlar og sikrar seg Petterbakken før det er for seint.


John Osnes

Ulstein Historielag