Hødd fotball - vegen vidare?

Einar Magne Skeide til høgre, saman med Sander Håskjold Nyland, som i dag er hovudtrenar for Hødd sitt A-lag.  Foto: Hødd Fotball

Lesarbrev

Skrive av Einar Magne Skeide

Hødd IL har i år gjennomført ei flott 100-års feiring. Fleire arrangement har vist den flotte breidda og den flotte historia til idrettslaget. Og ingen kan seie noko anna enn at aktiviteten og prestasjonane har vore svært gode i lang tid.

Eg har lenge lurt på om eg skal dele nokre tankar om Hødd fotball sin situasjon i dag, og kva som må til for at vi kjem oss tilbake på det nivået eg meiner A-laget høyrer heime. Etter fleire oppmodingar skal eg gjere det.

Eg hadde ein sportskommentar i Vikebladet Vestposten i november 2009 medan eg var trenar og spelarutviklar for A-laget, og ser at utgangspunktet og utfordringane for Hødd sitt a-lag er om lag det same no som då. Då som no var vi på nivå tre i norsk fotball. Det som er annleis er at i 2019 er 2.divsjonen blitt spissa til to avdelingar, og at det er eit noko svakare nivå på både spelarar og kubbnivået i naboklubbane. Ein annan forskjell er at avstanden mellom Hødd og ÅFK ser ut til å ha blitt større.

Det undrar meg kor fort mange vert historielause når det gjeld kva Hødd har oppnådd sidan sist ein var på nivå tre i norsk fotball. Eg synest det er på sin plass å ta eit lite tilbakeblikk samtidig som ein ser framover. Sidan 2008, då klubben sist rykka ned i 2.divisjon(nivå tre) og fram til 2015/16, har klubben etter mi meining hatt ein svært god periode. Rett nok noko under forventningane dei to siste åra sjølv om ein berre var ein seier frå opprykk i 2018.

Eg vil punktvis kome med mine forklaringar på kvifor det gjekk bra då, og samtidig peike på det som må styrkast for å kome tilbake på eit høgare nivå enn i dag.

Kontinuitet, kompetanse, kultur og relasjonar

Kanskje den aller viktigaste årsaka til at klubben har gjort det så godt er at det har vore høg kompetanse og god kontinuitet på trenar -og leiarsida over mange år. Det har igjen ført til ein sterk og varig fotballkultur. Hødd har blitt eit varemerke noko vi forstår når vi snakkar med folk elles i «Fotballnorge». Mange er svært imponert over kva Hødd har fått til og den sterke kulturen går langt tilbake i tid. Det har i denne perioden også vore tette og gode relasjonar mellom styret, administrasjon, sport og dei ulike trenarane.

Både kompetansen og kontinuiteten er no svekka samanlikna med nokre år tilbake. Om ein ser litt tilbake i tid er det mange sentrale personar som har blitt borte. Nokre har hevda at nye folk med nye impulsar må kome inn, og vi treng «noko nytt». Eg eg er samd i at nye impulsar kan vere bra frå tid til anna. Alle organisasjonar treng fornying og folk med ulik kompetanse. Men i ein fotballklubb som Hødd er det viktig å bruke tilgjengeleg kompetanse der den kan bidra til verdiskapande aktivitet. Og slik har det etter mi meining vore i den perioden eg tek for meg.

Dokumentet «Korleis gjer dei beste betre i 2007»

Eit arbeid som vart avslutta i 2007 om «Korleis vi skulle gjer dei beste betre» ga etter kvart eit løft i spelarutviklinga. Den var svært viktig for utviklinga som kom seinare, og handla i stor grad om differensiering og hospitering og leggje til rette for ekstra tilbod og oppfølging til dei mest ivrige. Det vil seie at flest mogleg hadde passe utfordringar i høve til ferdigheitene. Dei som var med i prosessen då var overtydde om at meir trening, betre trening, større krav, betre trenarar, meir hospitering, meir differensiering, eller tilpassa opplæring som det heiter i skulen, har vore med på å gi utteljing i åra etterpå. Slikt arbeid er langsiktig og gir ikkje ønska effekt før etter nokre år. Og dette skulle ikkje gå utover breiddetilbodet, men vere eit ekstratilbod.

Rekruttering

Klubben har i mange år med få unntak lukkast med kombinasjonen å få fram gode spelarar frå eigne rekkjer og å vidareutvikle spelarar som har blitt henta frå andre klubbar. Eg kan mellom anna nemne Aursnes, Heltne Nilsen og Nyland frå naboklubbane og Diomande, Helland, Karlsen, Ueland Andersen, Sveen og Kallevåg med fleire frå andre klubbar i Norge. Skal ein lukkast i toppfotballen i dag må ein vere god på begge deler. Mange av dei vi reknar for lokale har kome frå lokale klubbar på Sunnmøre til Hødd, gjerne i kombinasjon med den vidaregåande skulen og idrettslinja. Om ein skal spele i 1.divisjon(OBOS) må ein ha ein miks av spelarar utanifrå og klubbutvikla spelarar. Og all erfaring syner at det er urealistisk om ein skal ha som mål å spele OBOS- liga, at meir enn 5-6 spelarar berre har spelt aldersbestemt fotball i Hødd før dei spelar på a-laget.

Rekruttgruppe

Hødd har i mange år hatt ei rekruttgruppe som har vore grunnstamma til Hødd 2. Dei har fått spele seniorfotball i junioralder. Gruppa har heilt til det siste vore attraktiv for andre unge spelarar frå Sunnmøre og vore eit fornuftig steg mellom ein for svak kamparena for juniorlaga på Sunnmøre og eit potensielt 1.divisjonsnvå. I tillegg har spelarane vore med på årlege eliteturneringar for juniorar, delteke på JET elitecup når A-laget var på øvre halvdel i 1.divisjon og dei siste åra på SKAW cup i Danmark. Slik har dei også fått møte dei beste i Norge på juniornivå som også er viktig for å få rette referansar. I kombinasjon med hospitering mot a-laget, meir trening i skuletida ved UVS og tøffe kampar mot seniorar i 3. og 4. divisjon, vil steget oppover bli mindre. I ei slik gruppe kan du også stille tydelege krav og du må ha med spelarar frå alle juniorårgangar slik at det vert ei tøff og god nok treningsgruppe.

Individuell oppfølging

Klubben har også i mange år hatt spelarutviklarar eller trenarar som har hatt eit sterkt individuelt fokus der enkeltspelaren har vore i sentrum. Særleg for aldersgruppa 16-20 år. Ein har jobba med individuelle utviklingsmål og hyppige tilbakemeldingar på prestasjon. Samt styring av kamparena og treningsbelasting gjennom veka. Dei har også vore sentrale i styring av hospitering, styring av kamparena og rekruttering av spelarar lokalt inn til Hødd.

Utfordringar framover:

Kompetanse

Kompetansen og kontinuiteten er viktig. Å ha ein god miks av realkompetanse og formell kompetanse er avgjerande. Fotball har i større grad også blitt eit fag. Styre og ein administrasjon må vere opptatt av utvikling og som syter for å byggje kompetanse internt samtidig som ein må ha trenarar som kan ha trenarjobben som yrke også under a-laget. Det også viktig med eit sportsleg utval som kan sjå ting litt frå utsida og vere premissleverandør og diskusjonspartnar for trenarar og styre, helst med folk med trenarkompetanse og/eller spelarerfaring på høgt nivå. Ein er også avhengig av kompetente foreldretrenarar i dei aldersbestemte klassene. Og nokon i klubben må ha eit hovudansvar for at klubben er utviklingsorientert og jobbar med strategiar og verkemiddel for å nå langsiktige og realistiske mål.

Høddskulen og spelarutvikling

Etter ein prosess med grundig arbeid og fleire møter over eit par år i samarbeid med Norsk Toppfotball, vart Høddskulen implementert som ein del av spelarutviklinga i slutten av 2016. Dette var på mange måtar ei fornying og forsterking av dokumentet «Korleis gjere dei beste betre» frå 2007.

Målet var å gi dei beste eit betre og meir tilpassa tilbod, utan at det gjekk utover damefotballen og breidda, men tvert i mot. Nokre av tiltaka var: Fleire treningar for dei mest ivrige. Tilsette trenarar på heiltid og som jobba etter ein langsiktig plan. Etablere Hødd Ekstra for dei mest ivrige. Det skulle vere ein «blå tråd» i treningane frå 6 til 12 år, økt for økt. En skulle auke kvaliteten på FFO og ha tettare samarbeid med naboklubbar og krets.

Dessverre har Høddskulen no blitt kraftig redusert og må justerast opp i tråd med planane frå 2016. Dette er kanskje det viktigaste langsiktige arbeid i ein klubb som Hødd. Resultatet av arbeidet ser du kanskje ikkje før om 3-4 år.

Toppklubbane, det vil seie dei som er på dei to øverste nivåa i Norge, har dei siste åra tatt store grep i utviklingsarbeidet sitt, og dei er ein del av ei akademiklassifisering som skal bidra til å etablere ein nødvendig oppjustert standard i toppspelarutviklinga. Klubbane vert kvart år målt på 13 områder som planverk, kompetanse, treningsprosessen, forankring i styret, produktivitet, samarbeid skule og klubb for å nemne nokon. Høddskulen har i seg ein del av desse heilt nødvendige verkemidla. Rapporten om korleis klubbane jobbar og vurderingane frå Norsk Toppfotball som kom no i september viser tydeleg kva alle norske klubbar og spesielt ein klubb som Hødd som ønskje å vere god på spelarutvikling må ta tak i.

Det er viktig at Hødd sine yngre spelarar får møte dei beste i Norge. Dei må lære seg å tape slik at dei må ta i litt ekstra. Mange spelar kampar mot lokale lag der dei vinn med store siffer, fordi dei er på eit godt lag, og då vil dei over tid berre ta ut 70-80 % av potensialet sitt og det er ikkje god spelarutvikling. Dessutan fører det til at spelarane, trenarane og ikkje minst foreldra misser gode referansar på toppnivået på dei ulike alderstrinna. At Hødd tek nokre kretsmeisterskap i aldersbestemte klasser er berre slik det skal vere, men ikkje nok til å seie noko om kvaliteten på spelarutviklinga.

Kvalitetsklubb, anlegg og økonomi

Per i dag er Hødd kvalitetsklubb på nivå 1 mest på papiret og ikkje like mykje i praksis. Det er eit tankekors for Hødd som bør vere lokomotivet i spelarutviklinga på Sunnmøre. Klubben må ta delansvar for det som skjer i naboklubbane våre. Klubben må få på plass ein trenarutviklar med rett kompetanse for ulike årskull både for jenter og gutar. Det skal vere ein «kritisk venn» som er mykje på feltet og følgjer opp trenarane, treningsprosessen og Hødd sin utviklingsplan. Han eller ho må også stimulere til kompetanseheving blant trenarane. I tillegg må ein ha eit operativt og samlande trenarforum der klubben tek utgangspunkt i sportsplanen, den blå tråden, og har fotballfaglege diskusjonar og gjennomfører praksisøkter. Og når noko er bestemt, så er «klubben sjefen», og ikkje den enkelte trenar.

Å vere representert på nasjonale tiltak på både spelar, leiar og trenarsida er viktig. Det har klubben ofte vore og det gir impulsar tilbake. Alle må hente impulsar, ingen er utlært og vi må alle heile tida tileigne oss ny kunnskap i fotball som elles i livet. Det som var godt nok for tre-fire år sidan er ikkje godt nok i dag.

Skal a-laget opp eit nivå der eg meiner vi høyrer heime, må satsinga på dei aller beste forsterkast, vi må dyrke kulturen vi har hatt med at det er status å trene mykje, at det er lov å ha ambisjonar og ta steget vidare dersom du er god nok til det. Nokre av dei unge på a-laget i dag har desse eigenskapane men nokre av dei vil nok forsvinne om det ikkje vert opprykk i løpet av kort tid. Det som er positivt er at vi har eit ungt lag der mange klubbutvikla spelarar har fått verdifull speltid, rett nok på nivå tre. Og så får ein berre håpe desse saman med nokre sentrale nøkkelspelarar og leiartypar utanifrå er nok til å kome seg ein divisjon opp i systemet og kunne vere der.

Anleggssituasjonen til Hødd har vore og er fantastisk. Alt ligger til rette for dei som vil bli gode. Og vi har hatt ein dugnadsgjeng/eit anleggsutval som har gjort eit fantastisk arbeid over lang tid. Utan dei hadde vi hatt store problem med å halde ved like og drifte anlegget. Her er vi i norgestoppen. Vi får berre håpe vi klarer å drifte det flotte anlegget også i åra framover. Ved alle investeringar kjem det store drifts- og vedlikehaldsarbeid og utgifter.

Damefotballen og breiddefotballen, som eg ikkje tek for meg så mykje i denne omgang, må også få gode kår. Vi skal som før kunne prioritere både breidde og topp og både gutar og jenter.

Og til slutt. Økonomi er sjølvsagt viktig. Næringslivet og sponsorar lokalt er i dag under press. Heldigvis har dei til no støtta klubben også i tyngre periodar. Klubben må byggje opp meir eigenkapital og då må ein ha overskot på drifta over tid. Men det eg har skissert av viktig prioriteringar, bør ikkje koste så mykje. I Hødd må mykje framleis byggje på dugnadsarbeid og kompetente foreldre som jobbar etter ein klart definert plan.

Men for å få på plass nødvendig kompetanse må ein nok bruke 3-5 % meir av totalbudsjettet enn ein gjer i dag, og heller kutte i andre postar. Ein må prioritere både det som skjer no og tenke utvikling. Kjem ein seg opp ein divisjon vil ein også få tilført meir ressursar som igjen gir meir til spelarutvikling. Hødd har framleis eit budsjett som ligg over mange OBOS-liga klubbar.

Klubben må for all del ikkje bli ein rein breiddeklubb, slik eg føler vi går meir i retning av no. Vi må tørre å satse innanfor rimelege rammer. Vi må sjå på kva vi har fått til før, det er framleis mogleg «å vere liten men stor». Men då må vi ta med oss det som tross alt har fungert godt i mange år og i tillegg ta tak i det som manglar akkurat i dag, for å etablere oss i OBOS ligaen på nytt. Det må vere målet. Og det er eit realistisk mål.

Einar Magne Skeide