Vil ha Rasofiel-statuen klar til 17. mai

Vonheim: Vonheims Venner arbeider med å få reist ei statue av Rasofiel Rise. Målet er å avduke henne 17. mai 2020.  Foto: Leiv Arne Grimstad

Lesarbrev

Innsendt:

Vonheims Venner har som kjent arbeidd eit års tid med å få realisert ei heilfigur statue av Rasofiel Rise. Statua skal stå nær flaggstanga i Rasofielgarden Vonheim. Ein solid grunnstein er komen på plass.

Pengeinnsamlinga har teke litt tid. Bankar og bedrifter er med, men ein del av bedriftene våre er inne i ei økonomisk tørketid, og det påverkar sponsorgåvene i negativ lei. Men vi trur at det er stor iver blant folket for å få på plass dette historiske minnesmerket for Hareidskulturen. Nokre fåe enkeltpersonar har alt sendt inn bidrag. Det tar til å haste no, og tida er inne for at folk flest kan betale inn sin del av dei resterande vel kr. 100.000,- til konto 39102054109. Statuen vil berike og bekrefte den kulturarven som Rasofiel etterlot seg.

Vonheims Venner hadde ein følgjetong om Rasofiel i Vikebladet i sommar, og lova der å kome attende med informasjon om korleis innsamlingsarbeidet skrid fram. Som nemnt står der enno att ein del midlar som må inn. Grunnsteinen for statua er komen på plass på dugnad frå eit par entreprenørar og hjelpesmenn.

Vi er trygge på at alle som er med på å bidra til dette tiltaket, vil vere stolte over resultatet når det endeleg er kome på plass, og til heider for Rasofiel og Hareidskulturen, og vi vonar at mange einskildgåver kan kome inn no frametter slik at statuen kan tingast for avduking på 17. mai 2020. Det er opp til folket no, om ein vil sette av ein ekstra skjerv for å få realisert tiltaket dette året.

Vonheims Venner