Lever solidaritetstanken i COOP ?

COOP Marked Leikong på Gurskøya.  Foto: Arnljot Grimstad

Lesarbrev

Tanken bak kooperasjonen var solidaritet, og i lang tid levde selskapet nær opptil denne fine tanken. Solidaritet! Berre smak på ordet.

I dag er namnet berre COOP, og solidariteten er nærast ein saga blott for oss som bur ute i distrikta. For kvar køyrer COOP dei gode tilboda? Jau, på Mega, Extra, Obs.

Eg har coop- appen og klikkar på Faste medlemsfordeler, og les at på Mega, Extra, Obs kan ein få 11% på frukt. Kvifor ikkje gi dei same tilboda til coop-marked?

Eg vil hevde: Vi veit tankegangen hos leiinga i COOP: Gode tilbod på Mega, Extra og Obs vil, etter ei tid, syte for at nærbutikkane (coop-marked) vert nedlagde. Slike små butikkar er i grunnen ei plage og utgiftspost for oss store COOP.

Dersom ordet solidaritet enno har verdi i COOP bør prissetjinga i Coop-marked alltid vere like lågt eller lågare enn Mega, Extra og Obs og alle dei andre store aktørane i daglegvaremarknaden.

Vi menneska er slik skapte at vi ser på prisen når vi handlar, difor det er unødvendig å spørje om kvifor det vert ‘lekkasje og minkande omsetjing’ hos Coop-marked.

Eg er klar over at de i leiinga treng kalkulator, men ‘blåruss-tankegang’ treng de ikkje. Heng opp i glas og ramme. SOLIDARITET til dagleg påminning.

Og: COOP bør syte for at butikkane ute i nynorskland får plakatar og butikkmerking på nynorsk. Det burde vere ei enkel oppgåve.»

****

Dette vesle innlegget sende eg til leiinga i COOP, og etter purring fekk eg eit inkjeseiande svar. Så ville eg ha det inn i magasinet «COOP-medlem». Det skjer ikkje, difor tek eg det til Vestlandsnytt, Vikebladet og Sunnmørsposten.

Eit svar frå COOP, etter fleire purringar:

[…]. Coop Marked-butikkene våre er gjerne mindre butikker enn Obs og Extra-butikkene, og ligger ofte i distriktene. Butikkene har mindre omsetning enn Obs og Extra-butikkene, og er et dyrere konsept for Coop å drifte. Dette gjør at prisen på enkelte varer er høyere enn hos Obs og Extra. Coop Marked tilbyr hverdagsvarer til hverdagspriser, og består av mindre nærbutikker med konkurransedyktig utvalg, kvalitet og service.

[…] Per dags dato tilbyr Coop Vest Samvirkelag nynorsk butikkmateriell til Extra-butikkene. Det arbeides med å tilby nynorsk butikkmateriell til flere av kjedene i Coop Vest Samvirkelag.

Eg sender ny epost:

Takk for svar. Eg gir ikkje ‘tommelfinger', for de har ikkje svart skikkeleg. Eg venta å få høyre konkret kva COOP vil gjere for å halde oppe dei små, viktige butikkane.

Coop Marked-Leikong er vår nærbutikk.[…] Men med fem-ti minutt i bil kjem eg til KIWI i Myrvåg, og med 20 min køyring er eg i Ulsteinvik, og der er KIWI, Bunnpris, Mega, og Rema1000. Eg treng ikkje forklare problematikken, det forstår de godt, men vil de gjere noko med prissetjinga?

Dei som arbeider på desse viktige småbutikkane kan ikkje styre prisane sjølve, men dei ser nok kva veg det går.

Difor skreiv eg at det i COOP-leiinga, er ‘styrt avvikling av småbutikkane til COOP’, for det vert resultatet om ikkje det vert gjort noko, trur eg.

COOP-tanken var, og er solidaritet. Vis det. Lat småbutikkane få beste tilboda og lågaste prisane.

Eg ser fram til svar. Og svar fekk eg:

«Takk for tilbakemeldingen.
Det er beklagelig om du har inntrykk av at det drives styrt avvikling av våre mindre butikker, men det er heldigvis ikke tilfellet.[…]

Tilbakemeldingene dine vedrørende pris og tilstedeværelse er gjort tilgjengelig for kjedeadministrasjonen, og er med det en del av beslutningsgrunnlaget for videre utvikling av kjedeprofilen Coop Marked.”

Siste setninga er det (kanskje) litt meining i?

Men vil det kome endring slik at til dømes Coop Marked Leikong, der dei tilsette yter framifrå service, kan tilby same prisar som ‘dei store’?

Arnljot Grimstad, Leikong.