- Hafast er framtida

- Løysinga som kan gjere at vi kjem vekk frå «bompengar» til evig tid på kryssing av Sulafjorden, er Hafast, skriv Stig Sandanger Riise og Kjell Sandli i dette lesarbrevet.

Illustrasjon, Hafast, av Multiconsult 

Lesarbrev

Når kjem ferjeopprøret?

I Sunnmørsposten 5.11.2019 er det ein leiar med overskrifta "Når kjem ferjeopprøret?"

Ja, når kjem det?

Bompenge-saka prega heile årets valkamp, og "Nok er nok"-partiet fekk ein betydelig andel stemmer, mellom anna i Bergen og Stavanger.

Men korleis ser det ut om ein samanliknar bompengar med ferjetakstar?

La oss ta eit døme: Taksten for ei bom-passering i Bergen med dieselbil er kr. 30, og kr. 56 i rushtida. På dette får ein 20% avslag om ein har avtale. Taksten er den same uansett talet på personar i bilen. I Bergen har dei som har en avtale, ei øvre grense på 60 passeringar i månaden og dei har en timesregel som gjer at ein berre betaler ein gong for fleire passeringar innanfor 60 minutt.

Før dei nyaste nullutsleppsferjene kom, var Hareid-Sulesund-sambandet i takstsone 8. I den sonen må ein betale kr. 124 for ein vanleg personbil ein veg og kr. 45 for ein person. Betaler ein inn kr. 3 500 og får eit kort, er rabatten 50%. Kr. 62 for bil og kr. 23 for person.

Då dei nye ferjene med elektrisk framdrift vart sette inn, vart taksten justert opp til sone 10. Der er prisane høvesvis kr. 140 og kr. 49. Med rabatt kr. 70 og kr. 25. Samstundes vart AutoPass for ferje innført i staden for det gamle Verdikortet. Dette kortet må ein, som for Verdikortet, betale inn fleire tusen i forskot til, for å få ut rabatten. Det nye kortet er og slik at det ikkje står kva du har betalt på kvitteringa, du må inn på nettet for å finne ut av det, med tilhøyrande ekstraarbeid for den reisande.

I forslaget frå Fylkesrådmannen til Økonomiplan med handlingsprogram 2020-2023 er det foreslått ei takstauke med ytterlegare ei sone, frå 10 til 11. I sone 11 er takstane kr. 148 for og kr. 51 for person. Om dette vert vedteke, veit vi ikkje ennå.

Men det stoppar ikkje der. Ferjebillettane skal etter vedtak i Fylkestinget auke med to takstsonar når det verkelege AutoPass blir innført og ein ikkje lenger skal betale for passasjerar og personar. Då vert det i så fall sone 13, der prisen for bil er kr. 165. Vi veit vel ikkje sikkert kva rabattar som blir, men vert det som i dag med 50%, snakkar ein om kr. 83.

Bompengeutgifter på 20 kr eller 40 kr dagen er lite sammenlikna med ferjeutgifter. Kanskje Ferje-Noreg treng eit ferjeopprør?

Ferja Hareid-Sulesund går kvart 20. minutt og tek omlag 25 min, ei strekning som ein elles hadde brukt 6-7 minutt på, om det var veg med normal fartsgrense. I tillegg kjem så at det er vanskeleg å berekne tida slik at ein kan køyre direkte om bord, så i praksis blir det alltid lengre tid. Etter kl 19:40, er det ein time mellom kvar avgang. Ferjene på denne strekninga tar 120 bilar.

Samanliknar ein så ferjestrekninga Hareid- Sulesund med bomringen i Bergen, så vert ferja på ein måte ein bom som på dagtid berre er open kvart 20. minutt. Om kvelden kvar time og om natta enda verre; berre kvar 1 ½ time.

Berre 120 biler får passere "bommen" av gangen, dei neste må vente i 20 min (eller 1 time eller 1 ½ time). I tillegg er prisen vesentleg høgare – i dei mest grelle døma - svært mykje høgare.

Medan bompenge-innkrevjinga som regel forsvinn etter ei 15 års tid, når sambandet er nedbetalt, så er det slik at systemet med ferjebillettane mest sannsynleg varer evig. Og vi sunnmøringar veit kor lenge evig er. Det er veldig lenge det.

Når dette er sagt så er vi glad vi har fått tre store nullutsleppsferjer på strekninga. Ferjetilbodet er mykje betre enn tidlegare. Så alt er ikkje like gale.

Løysinga som kan gjere at vi kjem vekk frå «bompengar» til evig tid på kryssing av Sulafjorden, er Hafast! Hafast er framtida.

Det er fleire viktige argumenter for å få på plass Hafast.

• Lage ein større døgnopen bo- og arbeidsmarknadsregion.

• Effektiv transport for eit verdiskapande næringsliv.

• Billigare og meir effektiv kvardag for folk flest.

Stig Sandanger Riise, Ulsteinvik og Kjell Sandli, Ålesund