Svar til Liv Osnes Dalbakken

Lesarbrev

Sidan Liv Osnes Dalbakken implisitt sveiper meg i meiningar eg ikkje vedkjenner meg, så må eg ta dette svaret i to steg. For det første: Ja, eg står for at trusopplæring er opplæring i overtru sidan eg er overtydd om at alle religionar til alle tider er overtru sett i system. Om nokon skulle kjenne seg krenkt av dette, får så vere. Religionsfridomen er ein dyrekjøpt verdi som gjeld både for den truande og den vantru.


Er det slik vi løftar lokalsamfunnet, Ivar Mork?

Liv Osnes Dalbakken reagerer på det ein lokalpolitikar skreiv i kommentarfeltet hos lokalavisa.


Men på ei anna side, så er det slik at me som menneske delar ei rad verdiar, uavhengig av om dei er tufta på eit religiøst eller eit sekulært grunnlag. Dette er dei humanistiske verdiane som me har fått i arv, fyrst og fremst frå opplysningstida for omlag 250 år sidan, men desse verdiane har også eit potensiale i genane våre som altruisme. Det er verdiar som sett mennesket sine kår i sentrum. Nokre vil hevde at dette er spesifikt kristne verdiar, men i meir eller mindre grad finn ein dei humanistiske verdiane både i andre religionar og i sekulære rørsler med eit etisk/ideelt fundament.

Difor støttar eg både av kjensle og fornuft alt arbeid, ikkje minst det friviljuge, som har som mål å fremje fridom, velferd, lukke og utvikling både for einskildmennesket og samfunnet. At slikt arbeid i botnen kan ha ein religiøs eller politisk/ideologisk agenda, er ikkje viktig, så lenge den einskilde har full fridom til å slutte seg til rørsla eller avstå, og utan vilkår kan få ta del i tilboda som kan gje velferd, lukke og utvikling både for den einskilde og for fellesskapen.

Dette gjeld også Ulstein sokn. Eg likar ikkje å dreie dette politisk, men sidan Dalbakken dreg inn både den politiske ståstaden min og verva eg har som folkevald, så må eg få lov å seie at eg ved fleire høve har gått på talarstolen i kommunestyret når årsmeldinga frå soknet vert handsama. Der har eg takka varmt for det særs omfattande, friviljuge arbeidet som soknet legg ned for å fremje verdiar eg og partiet mitt delar. Og her kan eg utvide same takka til eit mangfald av friviljuge organisasjonar og rørsler, særleg for arbeidet deira mellom born og unge. Dei friviljuge er ein berebjelke for velferd, lukke og utvikling i kommunen vår.

Religionsfridomen er ein dyrekjøpt verdi som gjeld både for den truande og den vantru.


Eg ser at eg kunne spart meg kommentaren som Liv Osnes Dalbakken peikar på, så eg takkar henne for høvet ho gav meg til å skilje kimen frå agnene.


Ivar Mork