– Design er ein stor del av kvardagen

Lesarbrev

Eg synest det er ganske dumt, fordi kreativitet er kjempeviktig og å ha ein moglegheit til å lære å utnytte det på skulen er fantastisk.
Alt rundt oss som er menneskeskapt kom frå ein ide som nokon utvikla til eit produkt.
Vi på KDA-linja lærer mykje om ideutvikling, korleis ein ide blir til det produktet framfor deg.
Design er ein stor del av kvardagen, vi tenkjer ikkje oss om det, men mykje av det rundt oss var laga fordi nokon hadde ein ide å lage noko betre eller annerledes for å gjere kvardagen lettare og meir spennande. På grunn av det har vi så mykje moglege val.
Rommet mitt blir renovert no og eg har moglegheit til å velge kva slags stil og farge møblar og vegger skal vere.
Eg kan personalisere alt rundt meg.
Produkt som finst i fleire design og fargar gjer at vi kan uttrykke oss og vise personlegheita vår ved ting rundt oss t.d. kva klede vi har på oss. Viss vi ikkje hadde det, hadde alt blitt veldig grått og kaldt.
I dag er vi veldig avhengige av maskiner og teknologi. Det er fleire jobbar som no blir erstatta av teknologi.
Kreativitet er det som gjer oss til menneske, og er noko som aldri kan bli erstatta av maskiner, det å tenke annerledes og kreativt.