Skjere ned, skjere til beinet

Det er spesielt å sjå fylkespolitikarane i Møre og Romsdal gå laus på skular, kollektivtrafikk og ferjer, skriv Finn Sindre Eliassen i dette innlegget.  Foto: Arkiv / Linda Eikrem

Skulda ligg eine og aleine på fylkespolitikarane som kastar pengane vekk på gigantprosjekt

Finn Sindre Eliassen
Lesarbrev

Det er spesielt å sjå fylkespolitikarane i Møre og Romsdal gå laus på skular, kollektivtrafikk og ferjer. Det er rystande. Særleg på bakgrunn av at dei same politikarane som no legg ned skular og bussruter og aukar ferjetakstar, for ikkje lenge sidan øydde millionar av kroner på Nordøyvegen og sjukehuset på Hjelset. Åtvaringane var sterke og klare, men det nytta sjølvsagt ikkje. No renn som venta krokodilletårene stritt.

Vi får høyre at vi ikkje må legge skulda på Nordøyvegen og sjukehuset på Hjelset. Det er eg samd i. Skal vi snakke om skuld her, ligg den eine og aleine på fylkespolitikarane som kastar pengane vekk på gigantprosjekt og gløymer å arbeide for kvardagen til oss som har valt dei inn til grautfatet i Molde.

Grautfat, ja. Kva kostar det å drive fylkestinget med nemnder og komitéar og utval og kva det no heiter alt saman? Enkelte representantar hòvar inn millionlønner. Til kva nytte for oss som bur her i fylket?

Så litt om ferjetakstane. Eg bur i Hareid kommune. Med dei nye takstane vert det svært dyrt å ta ferja over fjorden til jobb på andre sida av Storfjorden for dei som enno er yrkesaktive. Det er for lengst dyrt nok som det er. Det same gjeld varetransporten.

Det skal sparast og skjerast ned. Fylkespolitikarane som er valde inn for å tene veljarane med gode skular og billege og tenlege kommunikasjonar, har gløymt at dei er politikarar og trur at dei er ein del av administrasjonen på Molde. Det er kanskje mogleg å vekkje dei. Eg veit ikkje korleis.

Finn Sindre Eliassen

Brandal