«Høg temperatur i Formannskapet»

Lisa Mari Breivik Anderson er svært engasjert i saka om ny barnehage i Hasund krins. Her frå tysdagens formannskapsmøte i Ulstein. Foto: Ingvild Aursøy Måseide. 

Lesarbrev

Jada, eg føler meg ‘truffet’. Eg er ‘vanskelig’. Eg er svært engasjert i barnehagepolitikk, og eg synes borna fortener det aller beste. Når barnehagesaka igjen skulle opp, er eg så engasjert at eg nesten ikkje klarer å site stille! Eg vert sjeldan så provosert og lei meg og skuffa, som når ‘økonomi-kortet’ på nytt vert brukt. Ja, Ulstein Kommune har dårlig økonomi, vi har svært høg gjeld. Men: Kvifor legg ikkje administrasjonen til utgifter til det alternativet dei ønsker at vi som folkevalde skal gå for (alternativ 2 – påbygg av eksisterande barnehage), men legg dei til reknestykket for det beste alternativet (i mine auger) ved Hasundgot stadion (alternativ 1). Dette manglar: gangveg (Joelvavegen er minst like trafikkert som Gjerdsbakkvegen), utredning av grunnforholda (vi veit allereie at grunnen er usikker) og opparbeiding av ekstra parkeringsplassar (behov for om lag ei firedobling av dagens parkeringareal) i alternativ 2 (som fleirtalet av Formannskapet gjekk for i dag). Og kva med inntekta av sal av tomta som hovudbarnehagen står på i dag?



Sidan 2000 har ‘raudebarnehagen’ vore for liten, og ein har hatt 1-2 årskull (dei eldste) i kjellaren på Hasundgot klubbhus. I 2013 vart garderobene ombygd, slik at ein skulle sleppe å dele dei med fotballspelarar som brukte dei på kveldstid. Denne delinga av barnehagen på to lokalitetar har vore uheldig av fleire årsaker. Renovering og oppussing av hovudbarnehagen har vore nesten totalt fråverande. Eg etterlyste i Formannskapet ein rapport som vart laga av UEKF om tilstanden på bygget, som vart laga for ein del år tilbake. Der står det kva som burde fiksast på. Leiar i UEKF kunne ikkje i farta huske denne rapporten, men lova å leite etter den til Kommunestyremøtet neste veke. Dersom fleirtalet går for eit tilbygg, må ein renovere det gamle bygget, og eg er redd for at kostnaden dermed vert like stor, og at fleire at dei folkevalde er ‘lurt’ til å gjere vedtak på manglande økonomisk grunnlag. For alle som har vore innom ‘raudebarnehagen’ dei siste åra veit at det er eit skrikande behov for vedlikehald!



Dei aller fleste ser at det beste alternativet for utviding og samlokalisering av den kommunale barnehagen i Hasund krins er å bygge eit heilt nytt bygg, i fine omgivelsar nær naturen, og ikkje midt i eit byggefelt og dermed måtte ta dyrebar dyrkajord. Tomta her er ikkje flat, og er dessverre ikkje gunstig for nybygg (påbygg) eller uteområde. Om ein tek med alle kostnader ved eit påbygg, fryktar eg at summen for dei to alternativa kjem ut ca likt, og derfor bør ein ikkje flikke på eit gammalt, dårlig vedlikeholdt bygg, men faktisk bygge heilt nytt når ein har sjansen til det.

Det er av og til viktig og nødvendig å ta to steg tilbake, og minne oss sjølv om kva som var grunnen til at temaet ‘ny barnehage i Hasund krins’ i det heile tatt er oppe. Ønsket var:

1. ei meir effektiv drift (nytte personalet betre)

2. få ned kostnadane pr plass ved å lage barnehagen større – og dermed spare på utbetalingar til dei private bhg (dvs få kontroll på kostnadane)

3. la born få gå saman med sysken, og skape ein meir praktisk kvardag ved levering/henting for foreldre

4. oppgradere både bygg og uteområde, som ikkje har vore særlig vedlikeholdt sidan bygginga i 1993, anna enn ved foreldredugnad

5. større barnehage, fleire plassar, ca 100 (dvs ca 20 pr kull) – 40 ekstra plassar i forhold til i dag – viktig at alle som ønsker det får barnehageplass i krinsen

Barnehagen har vore kjempeflinke å halde budsjetta! Og dermed klart å halde utgifter nede, samt utbetalingane til dei private barnehagane. MEN Sundgotmarka barnehage vert driven på sparebluss, og slik kan det ikkje fortsette! Men dette er mykje fordi ein venta på det nye bygget – og ein derfor

har brukt null ressursar på vedlikehald, oppussing og oppgradering (inne og ute). Dette er også noko dei tilsette og foreldra har synes har vore greitt, i ei periode, nettopp fordi vi venta på eit heilt nytt bygg! Men dersom dette ikkje kjem no, er vi mange som føler oss lurt!





Formannskapsmøtet vart avslutta med at Oppvekstsjefen fekk komme med eit ‘politisk innlegg’ der ho snakka varmt for at framlegget til administrasjonen i juni 2018 var (sant nok) å prioritere å bygge ein NY kommunal barnehage i sentrum (Holsekervegen) fyrst, for deretter å bygge nytt i Sundgotmarka. Same argumenta vart brukt då, at der ikkje fins noko politisk vedtak på at vi skal ha barnehage i alle krinsar. Dette er ei svært provoserande utsegn, særleg fordi ho i same innlegg nemner at barnetalet i Hasund krins er på veg nedover. Derfor seier eg som eg sa den gongen: Kva ville skje om ein bygger ein NY kommunal barnehage i sentrum, med ca 100 plassar, og folketalsnedgongen fører til at vi ikkje har behov for to kommunale barnehagar? Då er det barnehagen i Hasund krins som ville verte lagt ned, fjerna, og vi ville miste heile tilbodet i vår krins. Dette fekk eg ikkje motseie, då Ordføraren hadde bestemt at diskusjonen var avslutta. Derfor får det nye Formannskapet, som ikkje var med på handsaminga av Barnehageplanen i juni 2018, høyre mine tankar om dette i eit lesarinnlegg! For slike utsegn skal ikkje få stå uimotsagt. Det er dei folkevalde som bestemmer.

Så til slutt vil eg stille det same spørsmålet som eg stilte til Formannskapet: Kvifor hastar det slik med eit påbygg? Kva er målet? Er målet å bygge på ein gammal, nedsliten barnehage frå 1993, ekspropriere dyrkamark frå ein av dei få aktive jordbrukarane vi har, for å få plass til ca 10 born meir? Poenget var at den eksisterande, einaste kommunale barnehagen i Ulstein er i så dårlig stand, at borna våre fortener meir! Målet er å samle alle, i eitt større, nytt bygg. Eg har framleis til gode å møte foreldre med barn i barnehagen som meiner at det er ok å bygge på. Vi skal høyre på innbyggarane og brukarane, no er det på tide at dei yngste borna vert prioritert!

Nei, kjære Ulstein Kommunestyre, ta eit steg tilbake og tenk dykk om før 13.februar.

Lisa Mari Breivik Anderson,
Kommunestyrerepresentant for Senterpartiet, 4-barnsmor, brukar av Sundgotmarka barnehage og SVÆRT engasjert i saka om NY barnehage i Hasund krins