Ikkje drep edderkoppen!

Lesarbrev

Fyrst og fremst, gratulerer alle saman med verdens miljødag!

Biologisk mangfald, som også vert kalla biodiversitet, vert skildra som mangfaldet av levande organismar. Som oftast syner omgrepet til talet på artar, men også til genetisk mangfald eller mangfald i leveområde og nisjer i eit område. Årets Miljødag fra FN er retta nettopp mot dette temaet i år.

Men kva er biologisk mangfald og kvifor skal vi bry oss?

Alt heng saman med alt

Biodiversitet er kompleks og gjensidig avhengig av alt, der kvart medlem spelar ei viktig rolle. Alle bidreg, til og med dei som ikkje er synleg for det blotte auge. Enkelt sagt; utan biologisk mangfald, ville ikkje verda vår eksistere.

Vi nyttar naturen til alt vi omgir oss med. Klede, sko, mat, medisin, mobiltelefon, bil. Alt vi nyttar kjem frå ein eller anna kjelde frå jorda vår.

Men det stoggar ikkje der, kva med den reine lufta, det reine vatnet og det jordstykket du bur på? Biodiversitet er grunnlaget som støttar alt liv på land og under vatn.

Endringar påverkar oss alle

Tenkt at du har ein stol. Den stolen har fire bein, og du tek vekk eitt bein. Du kan fortsatt nytte stolen, viss du har god balanse. Tek du vekk 4 cm av eit av dei andre stolbeina, må du vere riktig god på balanse for å sitte på stolen på vanleg måte. Og slik fortsett det. Det same gjeld biodiversitet. Endring eller fjerning av eitt element på nettet vårt påverkar heile livssystem og kan gi negative konsekvensar.

I det siste 150 åra har korallreva blitt redusert til over halvparten. Og innan dei neste 10 åra, vil kvart fjerde art vere vekke frå jorda. Så innmari trist det vil vere for oss å ikkje sjå tjelden om våren, eller at kakaobønnene dør ut, slik at vi ikkje får sjokolade? For handlar det berre om korleis vi sjølv vert råka? Eg trur vi ofte gløymer at vi er også ein del av det biologiske mangfaldet. Vi har eit ansvar med å passe på, og halde vedlike jorda vår.

Ver med å bidra positivt!

Hugs at du kan også bidra - positivt. Fordi vi forbrukar over 1,5 jordklode kvar år og sist eg sjekka hadde vi ikkje ein planet B. Du kan spare og vere nøysom, handle mindre forbruksvarer, kaste mindre mat og spise restar og installer sparedusj og sist men ikkje minst, ikkje drep edderkoppen fordi han irriterar deg. Dei har ein jobb å gjere her dei også. Vi bur saman på denne planeten, la oss sameksistere og nyte jorda for det ho er skapt for - liv. Eg vil gjerne sjå mange nydelege solnedgangar på Runde, med lyden av mange ulike sjøfuglar i bakgrunnen. Verda vår er nemleg så utruleg vakker!

Charlotte Hauge

Kjelder: snl.no og un.org