Enige og tro til Dovre faller

Håvard Stave ber inn fleire til nominasjonsprosessen til Høgre.   Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Lesarbrev

Tredelt makt mellom lovgjevande (Storting), utøvande (Regjering) og dømmande (Domstolane) organ er grunnlovsfesta prinsipp der det norske folket anerkjenner rettsstaten. Vi forutsetter at dei utøvande i regjeringa til einkvar tid styrer i tråd med regelverket bestemt av fleirtalet i Stortinget. Er vi uenige i Stortinget sine beslutningar kan vi ytre våre meiningar på mange måtar for å påvirke framtidige vedtak. Men vi anerkjenner lovleg fatta vedtak.

Norge har demokratisk styreform, som er eit folkestyre med frie valg der alle har rett til å vere uenig med fleirtalet. Men til einkvar tid bestemmer det valgte fleirtalet på oppdrag frå folket. Vinnarane ved stortingsvalet får på folkets vegne lovpålagt mandat, plikt og ansvar for medbestemmelse i komande periode, basert på Norges Lover.

Vi frå folket («folk flest») har av den grunn indirekte innflytelse på beslutningane, sidan vi på valdagen avgir vår styringsrett til tillitsmenn og -kvinner som skal bestemme for oss i komande periode. Det er viktig å bli kjent med, vurdere og påvirke kven som skal vere kandidatar før vi kjem til valget. Våre tillitskvinner og -menn (politikere) vert presentert etter lange nominasjonsprosesser innad organisasjonane/partia og framlagt som avgrensa forslag når valgkampen startar.

14. nov 2020 skal Møre og Romsdal Høgre avklare sin nominasjonsliste. Arbeidet med dette, og politisk program for komande periode, er påstarta. Det er anledning for alle enkeltmedlemmar å melde kandidatforslag direkte til nominasjonskomiteen via nettsidene innan 15. august. Lokalpartiet Ulstein Høgre skal også levere inn vårt fyrste felles innleiande forslag til kandidatnominasjonar. Besluttande medlemsmøte i august vert annonsert til til våre medlemmer.

13. september 2021 er det stortingsvalg. Der får du kun stemme på partilister med kandidatar allerede foreslått og prioritert etter diskusjonar innad dei etablerte organisasjonane. Av den grunn er det relevant delta i nominasjonsprosessen. Velkommen skal du vere.

Håvard Stave

Leiar i Ulstein Høgre