Konkursen på Kleven

Foto: Linda Eikrem 

Oddvar Saunes, styreleiar i Mafoss. 

Jan Thormodsæter, dagleg leiar i Mafoss.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Lesarbrev

Dette er ein svært trist dag for tilsette på verftet, for underleverandørar og for lokalsamfunnet.

For den som no mister arbeidsplassen sin gir dette store utfordringar på kort sikt, sjølv om hjelpeordningane kjem så fort det let seg gjere. Usikkerheit rundt inntekt og om ein kan betjene sine økonomiske plikter er ikkje bra for den einskilde verken helsemessig eller på anna vis. Heldigvis er NAV aktivt inne med alt av ressursar på dette.

Men det er også utfordrande på fleire plan.

Kompetanse:
Vi risikerer, som MAFOSS har påpeika tidlegare, at ein no mistar sentral og avgjerande kompetanse i regionen, ein kompetanse som vi vil ha enorme utfordringar med å få tilbake.
Det er årevis med spissa kunnskap, både formelt og uformelt, som skal til for å levere kvalitet i øvste klasse, noko Kleven har gjort i alle år.

Vi fryktar for dei større konsekvensane dette kan få om ein ikkje få sikra vidare drift.

Slagkraft som maritim bransje:
Bedriftene knytt til den maritime bransjen er gjensidig avhengige av kvarandre. Dette skjønte ikkje leiinga i DIV group, og er essensielt i denne saka. Slagkrafta til bransjen er gitt av eit utgangspunkt i eit representativt volum og med verdiskaping som er viktig for AS Norge.

Dei siste åra har mange arbeidsplassar forsvunne i bransjen, og vi fryktar at ein no kan nærme seg ei nedre kritisk masse med norske verft, og at vi kan stå framom utfordringar vi ikkje har sett tidlegare. Det er viktig å oppretthalde eit visst nasjonalt volum på skipsbygging, ikkje minst for å bli tatt alvorleg internt i eigen nasjon, men også globalt. Vi har i Coronatida sett at støttetiltaka frå regjeringshald inn mot bransjen har vore pinleg små ift. kva ein faktisk representerer av verdiskaping. Eit Kleven som no går konkurs er døme på kor utsett denne bransjen er – ein bransje vi fryktar kan bli utradert om vi ikkje får snudd tendensen.

Kulturell markering:
Konkursen markerer at ein no har rydda i reiret og lufta ut dårleg kultur frå ein del av Europa som nok har andre krav og standardar enn det vi likar å samanlikne oss med. Det er lett å seie «kva sa vi» i slike situasjonar, men det treng ikkje å utvikle seg til ein konkurranse i kven-som-visste-kva.

Kleven som selskap har ein tradisjon for å levere kvalitet, kultur og innsats.

Saman med nedfelte visjonar om at «..vi skal vere til å stole på» var det viktig med eit oppgjer med dårleg kultur prega av mistillit og snarvegbasert arbeidsmoral.

Det står respekt av at Kjetil Bollestad tok eit offentleg oppgjer med ukulturen, og det er nettopp behovet for gode prosessar og kultur, samt viljen til å jobbe hardt for det som vil kunne samle aktuelle krefter for å starte opp noko nytt.

Dei som bestemmer vidare:
MAFOSS forventar at bankane og finansinstitusjonane som er involverte i Kleven ser det overordna ansvaret og at dei saman med potensielle investorar ser høvet til å sikre eit verft i øvste klasse.

Vi trur at god kvalitet, arbeidsmoral og kultur ikkje let seg stoppe så lett, og vi er visse på at vi ikkje har høyrt dei siste lydane frå arbeid på bedding, i kranene og i hallane på Kleven.


Jan Thormodsæter og Oddvar Saunes, MAFOSS