Flott turveg til Hasundhornet

Lesarbrev

Med start heime blei det lengste vegen, men eg likte det eg såg. Den glir fint inn i terrenget. No blir det lettare for fleire å kome seg opp.

Det blei mykje trafikk forbi meg som gjekk. Det er ikkje alltid så kjekt å gå partiet forbi grovavfallsplassen til SSR med lastbilar og annen trafikk. Kunne det vere ein ide å lage til parkering etter avfallsplassen slik at det fristar meir å gå også Fjellsbrekkene? Det er no fint om det plass til dei som treng det oppe ved den nye turvegen.

Uansett eit glimrande tiltak.

Jostein Ulstein