SP må ta ansvar for eigen politikk – svar til Ulstein Sp 

Ulstein Framstegsparti meiner Senterpartiet bør vere vaksne nok til å ta konsekvensane av dei investeringane dei har gjort i fylket.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll

Lesarbrev

Ulstein SP skuldar regjeringa for at fylkeskommunen får for lite pengar til å drifte fylkesveg-ferjene utan å fortelje heile sanninga, men det har for så vidt SP for vane å gjere. Faktum er at Møre og Romsdal fylkeskommune gjennom dei siste åra har gjennomført ei storstilt fornying av fergeflåten, med påfølgjande behov for større og tilpassa fergekaier vel vitande om at dette kjem til å koste mykje pengar. Det er det ikkje staten som har pålagt fylka dette, men noko fylkeskommunen med opne auger har gått inn for sjølve. SP og resten av dei raudgrøne partia på fylket har stemt for desse investeringane, og må då også vere vaksne nok til å ta konsekvensane av det. Det nyttar ikkje å skulde på andre.



Det heng heller ikkje på greip å kutte i fergetilbodet når Møre og Romsdal fylkeskommune sette norgesrekord i overskot med svimlande 313,5 millionar i fjor. Her har SP og dei andre partia i posisjon eit stort forklaringsproblem ovanfor innbyggarane i fylket. Når dei i tillegg kuttar i viktige utdanningstilbod som t.d. TAF-linja ved UVS og legg ned Vanylven vidaregåande er det lite som tyder på at SP kjempar for distrikta. På toppen av det heile nektar dei å omgjere vedtaka når det er openbart for alle og ein kvar at vedtaket var tufta på fullstendig feilaktig grunnlag. Dette vitnar om at SP seier ein ting, men gjer noko anna. Kva lovde SP veljarane sine foran valet? Var det dårlegare skuletilbod og dyrare ferjer med lågare rutefrekvens?


Her kan det bli ferjekutt i 2021

Seks ferjesamband og to hurtigbåtar er foreslått på Sunnmøre.


I staden for å sikre innbyggarane i heile fylket gode samferdselsløysingar og vidaregåande opplæring så prioriterer SP heller å bruke 150 millionar på ein ny opera i Kristiansund og enorme summar til bypakkar. Dette har dei råd til og viser kva SP verkeleg gjer i praksis. SP har blitt ekspertar i å raljere over regjeringspartia og Frp, men å ta ansvar for sin eigen greinalause politikk det gjer dei ikkje. For å sitere Ivar Aasen «Det ein sjølv kan gjera, skal ein ikkje be andre om». Så slutt å skuld på andre og gjer jobben de er sett til!


Ulstein Framstegsparti