Skateboardkostnader og flytting - Ulstein kommune

Lesarbrev

Med største undring kan ein lese i media at Ulstein kommune ynskjer flytte skateboardelementa frå Aktivitetshuset til ein annan stad i sentrum.



Kostnaden er oppgitt til kr 230 000,- Eg trudde det var kommafeil, men ser no at etaten ønske kaste bort mykje pengar på eit meiningslaust tiltak.



Er dette nivået på sakshandsaming generelt, bør vi reise oss å protestere høgt. Det er mange lag og organisasjonar som no er truga med å gå under pga korona og manglande lokal oppfølging, og vi kan ikkje sitte rolig å sjå på at dette forslaget til sløseri blir gjennomført.

Til orientering finn ein fleire frivillige grupper med 40- 50 born og ungdomar som drifta eit heilt år for denne summen!


- Ei fornuftig avgjerd

Skateparken i Ulsteinvik er tema i leiarartikkelen denne veka.


Føler derfor det er litt på sin plass å sjå tilbake på dette leikeapperatet si historie.

1. Skateboardmoten starta ca 2010 og Volda var pådrivar mht. sikring og utvikling (Flemmen).

2. Fleire 1000 leiketøy vart så plassert ut i kommunene over heile Norge.

3. Ein såg på dette som eit tilbod spesielt mot uorganisert ungdom, men var mote for dei fleste.

4. Det vart eit stort problem med skade og ein «rulla i gangar og klasserom» i stor stil

5. Slik installasjon nådde høgda i 2014.

6. Dette året går så Ulstein kommune til hasteinnkjøp og plasserer det lettvint utanfor Aktivitetshuset. Pris ca kr 300 000,-

7. Det vart stor suksess i 2014 og 2015 og i sentrum av Vik vart det også tryggare å ferdast for alle.

8. I 2016 og framover til i dag har bruken over heile landet stagnert, og kven har sett særleg aktivitet og omfang siste 2 åra lokalt?

9. Det var «fjortiseliten» som starta mobbinga av uorganiserte og kalla brukarane apekattar, dummis og bygdis – det vart skam og nedverdig å bruke slikt leiketøy. Men for skulane vart det kjekt å sleppe alt styret i gangar og klasserom. Og mange personskader falt bort.

10. I dag er skating neg. belasta og heilt nye ting er inn.

Er ikkje Ulstein kommune og dei som er betalt for å hjelpe lag og organisasjonar, klar over dette? Er de ikkje ute og tar pulsen?

Mitt forslag er følgande:

1. At kommuna lyser ut mellom frivillige lag og org. om nokon er interessert i å demontere elementa og frakte dei på trygg måte opp i Saunesmarka til Frantzefoss for kondemnering, Dette selskapet støttar arbeidet for born og ungdom i bygda. For dette arbeidet kan dei frivillige få et avtalt minnelig honorar.

2. Skulle dette leiketøyet ha historisk verdi for Ulstein kommune, kan frivillige få tilbod om å frakte det opp i «gullparken» mellom barneskulen og Arenaparkeringa. Nærmare bestemt på tidlegare tunet til fam. Vik. Her er det ferdig plass med areal vater, og med få timars maskinarbeid kan eit singellass lage det fint til.

Så kan det bli sett opp eit infoskilt om at dette var den historiske skatemaskina frå 2014 og vil du sjå bilete eller høyre meir, så ta turen til biblioteket eller kulturavd. på Ulstein Arena. «Vil du prøve skate sjølv som i gamle dagar, må du ha sikring som hjelm og anna kroppsbeskyttelse. Kommuna har tilsynsansvar her, men erstattar ikkje personskade etter usikra leik» \u0009\u0009

3. Skulle kommuna i dag ha penge, så foreslår eg at de deretter lyser ut 15 tilskot a kr 10 000,- som frivillige lag og organisasjonar straks kan søke på. Eit utvalg av nøytrale bør gjennomgå søknadane for å hindre venners venners tildeling.

Min konklusjon er såles å kondemnere dette leikeapp. som er ute og har gjort sin misjon, og så heller sjå etter andre fornuftige tiltak når dei måtte dukke opp.

Eg ser på framlagt forslag frå kommuna som meiningslaust og svært provoserane sakshandsaming. Mange 100 frivillige og foreldre står på daglig i mange organisasjoner år etter år i Ulstein og folk blir rett og slett forbanna når en opplever at kommuna vil flytte på 2-3 element fra A til Å, nokre 100 m, og så betale kr 230 000,- for dette!

Ber om at saka blir straks stoppa og pengar brukt meir fornuftig etter politisk handsaming.


Severin Myklebust

Ulsteinvik


– Ikkje uboteleg skade

Tormod Hegvik i Stiftelsen Vikholmen meiner at skateparken er i vegen for bruk av aktivitetshuset.



Skateparken

– Dette er berre trist

– Eg visste ingen ting om at skateparken skulle flyttast før eg las det i avisa, seier Odin Mathias Mork, leiar i Skateklubben. Og då han oppdaga at delar av skateparken alt er flytta, og øydelagt, vart han rimeleg oppgitt.



Tar signalet om breiare prosess

– Dette er noko som har vore diskutert i fleire omgangar i planutvalet, seier kommunedirektør Verner Larsen i Ulstein kommune.