Om å "skulde på andre"

Lesarbrev

Ulstein Frp hevdar i lesarinnlegg i Vikebladet Vestposten torsdag at Senterpartiet i Ulstein og i Møre og Romsdal er ansvarlege for den dårlige økonomien i Møre og Romsdal Fylkeskommune. Ikkje berre er det ei urettferdig skulding, men også heilt feil. Sjølvsagt er Senterpartiet, som eitt av dei største partia i fylket, ansvarlege for at drifta og økonomien skal vere både forsvarleg og sunn. Men å skulde på eit lokallag eller fylkeslag for den vesentlege underfinansieringa av ferjefylka, frå Regjering og Storting, er eit merkeleg utspel. Eg kan mellom anna peike på at Frp, ved Sylvi Listhaug, i februar 2020, kom med eit ferjepris-krav til Regjeringa, berre ein månad etter at Jon Georg Dale var ferdig som samferdselsminister. Før jul 2019 la Senterpartiet fram forslag i Stortinget om å bevilge 350 millioner kroner meir til båt- og ferjefylka for å sikre lavare billettprisar. Då stemte Høgre og FrP imot det.





FrP har hatt 4 statsrådar frå Møre og Romsdal, og aldri har vi komme så dårleg ut på samferdsel i fylket.

Senterpartiet har absolutt ikkje for vane å ikkje fortelje heile sanninga, slik Ulstein Frp hevdar i svaret på vårt lesarinnlegg.

Fornyinga av ferjeflåten, dvs omlegginga til grøn ferjedrift, er det ikkje berre Sp som har stemt for. Dette er vedteke i Stortinget, og det verkar litt urimeleg å skulde på Ulstein Sp eller Sp i Møre og Romsdal for dette. Fylka har fått 500 mill kr i meirutgifter pga Stortingets vedtak og pålegg om å gå over til miljøvennlege ferjer. Alle partia på Fylkestinget, muligens utanom FrP, meiner at det er urimeleg at fylkeskommunane skal dekkje desse kostnadene ved å auke billettprisar på ferjene og kutte i vgs, vegvedlikehald og andre viktige formål.


Her kan det bli ferjekutt i 2021

Seks ferjesamband og to hurtigbåtar er foreslått på Sunnmøre.


Fylket har lagt seg på eit betre ferjetilbod enn det staten meiner vi skal ha, og eit betre tilbod enn dei kompenserer for. Folk i MR meiner ikkje at vi har eit for godt tilbod. Så Frp burde bruke energien sin på å fortelje at kystfylka er diskriminert i staden for å kjefte på SP i fylket.

Fylkeskommunen sitt overskot i fjor er allereie disponert. 200 mill går til koronatiltak til nærings- og samfunnsliv i fylket, mellom anna for å halde ferjetakstane nede. Vi har i dag dei lavaste takstane i landet på fylkesvegsferjene vår, lavare enn staten har på sine riksvegsamband.

Frp fjerna rabatten på 20 % frå 1. juli, fylket har oppretthalde den. Til saman har vi gitt ferjerabatt på ca 100 mill i år, samanlikna med om det hadde vore normal trafikk. Og vi kjem til å gå med eit stort underskot på ferjedrifta pga Covid-19, sjølv om vi får kompensert litt frå staten.

Resten av overskotet frå 2019 er øyremerka frå Regjeringa til tunnelsikring, og den siste delen er fordelt til vidaregåande skular, kultur og næring og litt til samferdsel. Alt dette veit nok Ulstein Frp, men dei gir inntrykk av at desse pengane kan brukast mange gonger.



Når det gjeld nedlegging av TAF-linja på UVS var ikkje dette Sp sitt val, og ikkje noko vi prioriterte. Derimot jobbar Sp i MR med dette som si viktigaste sak i haust, og ønsker å starte opp igjen, dersom elevar og næringsliv ønsker det. Avdelinga i Vanylven var planlagt nedlagt allereie, men dette fekk vi i Sp utsett i eitt år i 2019, med støtte frå Frp.

Fylket har investert i Sunnmøre Museum og Romsdalsmuseet, Nordmøre museum står for tur og må takast – museet skal inn i det nye kulturhuset i Kristiansund. 150 mill er ikkje ein korrekt investeringssum, sidan kostnaden for museet, som fylket allereie betalar for ved dagens ordning, fell vekk. Uansett om vi hadde brukt desse 150 mill til ferje, hadde det berre dekt underskotet i eitt år. Vi kan ikkje planlegge og kontraktsfeste ferjetilbodet i eitt år om gongen. Ein bør ikkje sette driftskostnader opp mot investeringar.

Ulstein kommune veit kor viktig det er med fylkeskommunal støtte til tettstadsutvikling!

Sp har aldri lova gratis ferjer, men fleire av oss har sagt, både i valkamp og elles, at det ville vore heilt på sin plass at ferjene vert sett på som ein del av det ordinære vegnettet, og at det skal vere «gratis» å køyre på vegen. Særleg er det provoserande når enkelte politiske parti ønsker å ettergi bompengegjeld, for store, flotte, nye vegar, men om dei høge takstane for ferjereisene er det nesten ingen som tek til orde for å redusere. Det er ikkje rart at det vert opprør av slikt!

Ein ting er i alle fall sikkert: Senterpartiet kjempar for distrikta og oss som bur her.

Lisa Mari Breivik Anderson

Ulstein Senterparti