Det påtroppande styret i Ulstein skateklubb: Takk til Severin Myklebust

Opninga: Frå opninga av skateparken i 2014 der mellom andre den profesjonelle rullebrettkøyraren Tobias Lien deltok.  Foto: Arkiv/Andreas Bjerknes

Lesarbrev

Nokre gonger kjenst det som om tida har stått stille. Slik var det då vi leste innlegget til Severin Myklebust i Vikebladet fredag 11. september. Brått var vi tilbake til slutten av 1980-talet då rullebrett, eller skateboard, var forbode og blei sett på som ein kriminell aktivitet. Dette forbodet var vi også det einaste landet i verda som hadde.



Men verda går stort sett framover og etter kvart er det sjeldan ein møter slike fordommar som Severin Myklebust legg for dagen i sitt innlegg. Omtala av «skateboard-historia» er så historielaus og fantasifull at det er vanskeleg å ta det alvorleg. Vi skal nøye oss med å påpeike at skateboard i stor grad er ein uorganisert aktivitet og oppslutninga har gått i bølgjedalar sidan den oppstod i USA på 1960-talet. Samstundes er det ein kommersiell sport som skulle ha vore OL-gren i Tokyo i sommar, der utøvarane gjer nokre av dei mest krevjande øvingane som blir gjort innan idrettsverda. Alt dette kan folk med tilgang til internett lese om ved nokre enkle tastetrykk.

Så til saka: Severin Myklebust foreslår at skateboard-parken på Vikholmen bør kastast eller gjerast om til ein form for utstilling etter det vi forstår. Kva logikk som ligg i å kvitte seg med det som kvar veke framleis er til glede for små og store på skateboard, sparkesykkel, rulleskøyter, sykkel og i anna aktivitet – er dessverre heilt umogleg for oss å forstå. Vi trur heller ikkje lokalpolitikarane våre vil følgje ein slik logikk.

Vi minnar om at det var lokale ungdomar som saman med Ulstein kommune, spelemidlar og ein rekke sponsorar frå næringslivet sørga for at det vart investert kring ein halv million i grunnarbeid og element - som ein fekk lov til å plassere på Vikholmen i 2014.

Vi i det påtroppande styret i Ulstein Skateklubb takkar Severin Myklebust for innlegget, slik at vi vert minna om at det framleis finst slike haldningar. Det gir motivasjon til å jobbe for at born og unge i lokalmiljøet framleis skal ha ein slik møteplass – som kanskje kan bli enda betre. Vi ser at det er mange gode formål som kan trenge støtte i kommunen og har respekt for det. På same vis ber vi Severin Myklebust om å vere litt rausare mot dei som synest det er kjekt å halde på med skateboard. Vi oppmodar interesserte om å ta kontakt via skateklubben si Facebook-side om dei ønskjer ny giv i skateklubben.

På vegner av det påtroppande styret i Ulstein skateklubb,
Audun Hopland, Marius Rosbach og Lars Gustavsen.