Bjørndals Minne

Er det grunn til å tru at det vil kome eit svar frå rådhuset?

Bjørndals Minne. Foto: Linda Eikrem. 

Lesarbrev

Dei siste månadane har det vore ei rekkje avisartiklar, både redaksjonelle og i form av lesarinnlegg, om den gamle realskulen i Bjørndalsvegen, ein skule eg sjølv har gått på.

Slik eg har forstått saka har ordføraren og kommunaldirektøren reist tvil om eigarskapen til stiftinga og/eller bygninga tilhøyrande Bjørndals-fondet. Dette gjer dei trass i at det for lengst er slege fast av dei fremste ekspertane i landet, at stiftinga eig seg sjølv og at kommunen ikkje har nokon rettar korkje til bygninga eller stiftinga. Likevel ynskjer ikkje kommunaldirektør og ordførar å avlyste kampen, men køyrer vidare med eigne advokatar, betalt av kommunen og da i røynda skatteytarane i kommunen. Allmenta har enno ikkje fått innsyn i kva desse advokatane har meint om eigarskapen til bygget/stiftinga. Det er mogleg at dette heller ikkje vil verte allmenn kunnskap. Ein finn kanskje ein heimel for å halde innhaldet løynd. Kven veit?


Meiner kommunen førehandsprosederer i saka om kven som eig Bjørndals Minne:

– Kommunen burde gjere opp for seg etter årevis med mangelfullt vedlikehald


Å engasjere advokatar er ikkje utan kostnad og eg vonar at bruken av desse midlane er velgrunna og godt forankra politisk. Utanfrå ser dette «prosjektet» imidlertid meiningslaust ut og ein kan lure på kva ein venter å oppnå med dette. Sjølv ikkje gode advokatar er alkymistar og må halde seg til gjeldande rett.

Med den høge gjeldsgraden kommunen har per innbyggjar, er det også grunn til å undra seg over denne prioriteringa og korleis kan ein i framtida ha truverdet når ein må argumenterer for innstramming i skule,- helse- og omsorgstilboda i kommunen når ein vel å bruke pengane slik? Eg vonar det ikkje er andre tilsvarende vidløftige prosjekt i kommunal regi.



At det vil komme nedskjeringar i kommunen trur eg er uunngåeleg. Høg lånegjeld og lågare aktivitet i bedriftene i kommunen, med påfølgjande nedgang i skatteinntekter, er ikkje nokon god kombinasjon i vanlege folk sine auge.

Kommunaldirektør og ordførar har ikkje svara på nokon av dei utfordringane dei har fått etter at denne saka kom opp, det vere seg spørsmålet om kommunen kjenner noko ansvar for manglande vedlikehald, som etter avisinnlegga er om lag kr. 6.000.000,-, ansvar for manglande opprydding etter den langvarige bruken, ansvaret for skader som er gjort på bygninga etc. Dette er tilhøve som er gjort greie for i avisartiklane. Eg trur dei fleste andre leigetakarar normalt ville kjenne eit tungt ansvar for slike omstende. Dersom eg har skjøna dette rett, har ordførar og kommunaldirektør avvist eitkvart moralsk og juridisk ansvar for desse kostnadane og krev at stiftinga sjølv må ordne opp og svare for kostnadane etter kommunen sin bruk av eigedomen. Når ein då samstundes les at kommunen ikkje har betalt husleige, er det ikkje lett å få ting til å henge saman. Ein kan lure på om det slik vi vil ha det i kommunen vår? Kva verdisyn speglar dette?


Kommunen ber KS om juridisk vurdering

Kven er det eigentleg som eig Bjørndals Minne?

«§1 Bjørndalfondet er Ulstein kommune sin eigedom, men skal ha sitt eige styre.» heiter det i vedtektene som vart vedteke for Bjørndalfondet i 1945.




Ordførar og kommunaldirektør representerer ikkje seg sjølv i saker som dette. Dei er ombodsmenn på vegne av oss alle. Då kan ein ikkje stikke seg unna når det buttar imot i ei sak som dei sjølv har starta.

Som mangeårig kommunepolitikar er mi oppfordring til ordførar, kommunaldirektør, og om naudsynt kommunestyret, om å rydde opp i det rotet som er skapt og la stiftinga få arbeidsro til å byggje opp at det som er rive ned dei siste 20-30 åra.

Tor Meinseth, Ulsteinvik den 18. september